Veke 17 - Berekraftsveka

Kva skjer i veke 17, spør du kanskje? VEKE17 er biblioteka si berekraftveke! Og når Eid Frivilligentral og Stad bibliotek hovudbiblioteket bur i lag i Sophus Lie vegen 3, så slenger vi oss sjølvsagt med på moroa. Gjennom heile veka har biblioteket eigne berekraftsarrangement. Eid Frivilligsentral med tilrettelegging for sosiale møteplassar i lokala våre - altså sosial berekraft. I tillegg arrangerer vi i felleskap Familielaurdag med klebytedag 25.04, og det vert offisiell opning av salshylle for LA-butikken sin flotte salsartiklar tysdag 21.04. kl. 13:00. Det blir også aktivitetar på kommunehuset i Selje i regi av Stad bibliotek og Selje Frivilligsentral.

Her er fullstendig program for berekraftsveka i Stad bibliotek og på Eid Frivilligsentral og Selje Frivilligsentral:

Heile veka:

  • kom og lån deg frø frå frøbiblioteket!
  • forsyn deg med gratis magasin og vekeblad
  • På Nordfjordeid: lever inn kle til klesbytedag som skal vere laurdag 25. april
  • I Selje: lever inn kle til klesbytedag som skal vere måndag 20. april

 

Søndag 19. april – tjuvstart på berekraftsveka

Har du lyst å tjuvstarte berekraftsveka? Få med deg Stad kino si visning av «Morgendagens helter» søndag 19. april kl. 13:30, med panelsamtale i etterkant! Sjå meir info og finn link til billettar på facebook-arrangementet deira!

 Måndag 20. april

Tysdag 21. april

  • Nordfjordeid: lesestund for barnehagane
  • Nordfjordeid: kl. 13:00 Offisiell opning av LA-senteret si nye utsalshylle på Stad bibliotek/Eid Frivilligsentral

Sosiale berekraftsarrangement på Eid Frivilligsentral

kl. 11:00 - 14:00 Pensjonistkafeen - arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18:00 - 21:00 Møteplassen - arr. Opplæring og integrering
kl. 18:30 - 19:30 Medlemsmøte Nordfjordeid Rotary klubb

Onsdag 22. april

Torsdag 23. april

  • Selje: lesestund for barnehagane
  • Selje: lån deg gratis sports- og fritidsutstyr på BUA Selje! Ope 14:00 – 17:00.
  • Selje: «Sy- Hekle – Fixe – Strikke» kl. 17:00 – 20:00 
    Velkommen alle som vil reparere noko, sy eller hekle eit kvart. Vi har to symaskiner som ein kan låne når ein er her, men ta gjerne med deg di eiga maskin om du har! Vi har og masse tråd, stoff, strikkepinnar m.m som du kan bruke. Arrangementet er i regi av Selje frivilligsentral og Stad bibliotek avd. Selje.

Sosiale berekraftsarrangement på Eid Frivilligsentral

kl. 11:30 - 15:00 Datakafè arr. Seniornett Eid
kl. 18:00 - 20:00 Internasjonal kafe arr: Eid Røde Kors omsorg

Fredag 24. april

Sosiale berekraftsarrangement på Eid Frivilligsentral

kl. 12:00 - 13:00 SeniorQuiz

Laurdag 25. april

  • Nordfjordeid:  Berekraftig FAMILIElaurdag kl. 11:00 – 14.00
    Velkomen til familielaurdag med kjekke aktivitetar!


    • Så-dag! Hos Grøn integrering kan du så deg anten solsikke, grønkål eller sukkererter!
    • Klesbytedag – lever inn reine og heile kle og sko gjennom veka (frå måndag 20. april tom. fredag 24. april) og få klesbytelappar i retur. Lappane kan du byte inn i nye plagg på laurdagen. Merk: du kan levere inn maks 8 plagg!
    • Konkurransar i biblioteket – vinn kjekke kinopremiar.
    • Gratis kaffi og vafler frå Eid Røde Kors omsorg sin laurdagskafé..

Sosiale berekraftsarrangement på Eid Frivilligsentral

kl. 11:00 - 14:00 Laurdagskafe arr. Eid Røde Kors omsorg med gratis vafler, kaffi/saft i høve FAMILIElaurdagen

2026 © Eid frivilligsentral