-
Fårikålens Festdag
💚 Folkehelseundersøkinga 2026 💚
💛 16. april 2026 blir eit utval av innbyggjarane i Vestland over 18 år inviterte til å delta i folkehelseundersøkinga. 📲 Undersøkinga er nettbasert og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post. ⁉️Treng du digital rettleiing for å kunne svare på undersøkninga? Både biblioteket og Eid Frivilligsentral står klare til å hjelpe deg! 😀 Vi kan ikkje hjelpe deg med svara, men hos oss kan du låne ein pc eller få rettleiing om korleis du loggar deg inn på Helse Norge.Kom innom oss i Sophus Lie vegen 3 - så kan vi hjelpe. Det er viktig at du blir med på dugnaden for å kartlegge folkehelsa dersom du har fått invitasjon!
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.