Kjell Askeland er FredagsForfattar 20. mars kl. 13.30

Vi startar opp att arrangementet FredagsForfattar! Fredagsforfattar 20. mars er Kjell Askeland frå Davik. Askeland har skrive dei populære bøkene «Folk før», som samlar og dokumenterer historiar og levd liv frå vanlege innbyggjarar, hovudsakleg frå Nordfjord.

Denne dagen vil Askeland fortelje om bøkene sine og presentere nokre av dei mange gripande historiane. Det vil bli høve å stille spørsmål i etterkant av foredraget, og det vil også bli mogleg å kjøpe bøkene.

Enkel servering. Gratis for alle.

Foredraget er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Eid frivilligsentral og Den kulturelle spaserstokken i Stad kommune.

2026 © Eid frivilligsentral