-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!5.desember er ein nasjonal merkedag der vi skal hylle alle dei som gir av tida si, engasjementet sitt og hjartet sitt for at lokalsamfunnet vårt skal vere ein god plass å bu. Frivilligheita ber oss, løfter oss og bind oss saman – kvar einaste dag.
Takk til deg som stiller opp som trenar, stadven, styremedlem, besøksven, vaffelsteikar, kulturberar, natteramn, sjåfør, aktivitetsleiar – og alt imellom. Takk til alle små og store innsatsar som kanskje ikkje alltid blir lagt merke til, men som betyr meir enn vi anar.
Den 5.desember vil vi utfordre alle til å stoppe opp og kjenne etter:
Kva betyr frivillighet for deg? Kven har gjort ein forskjell i livet ditt?
Bruk gjerne anledninga til å:
-Legge ut eit innlegg eller ei historie på Facebook
-Sende ei melding til ei ildsjel som har hatt innverknad på deg
- Ta kontakt med eit lag eller ei foreining du ønskjer å støtte eller bli med i
-snakke med barna dine / elevane dine om frivilligheit
Saman kan vi vise kor mykje frivillig innsats betyr – både for fellesskapet og for den enkelte.
Til alle frivillige lag og organisasjonar:
Skal de markere Frivillighetens dag eller arrangere noko? Legg gjerne arrangementet ut på stad.foreningsportal.no , slik at fleire får det med seg og kan vere med!
💚 Tusen takk til alle som bidreg – de er ryggrada i lokalsamfunnet vårt!
På bilde frå venstre: Ole Reinhardt Bugjerde, Unge frivillige / Innsats for andre elevane: Malin Rundereim , Jewel Doorenspleet og Oliver Olsen Fure
Tatt på Frivilligkvelden på Bryggja tidligere i år.
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: