Støtt Julegledeprosjekta 2025!

Frivillige og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede for lavinntektshushaldningar i kvar ein krok av Stad kommune. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser, julegåver, gåvekort, og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Vi treng mellom 170.000,- og 200.000,- for å få dette til å gå rundt økonomisk. Dersom mage gir litt så klarer vi dette - men vi treng hjelp!

Vil du bidra?

Matvarer: Du kan bidra på på fleire måtar. I alle daglegvareforretningar i Stad vil det stå handlevogner der du kan legge opp i matvarer med god haldbarheit som vi legg i matkassene.
 
Julegåver til barn: På Alti Nordfjord står det eit juletre med gåveønskjer frå born i heile kommunen. Der kan du plukke med deg eit ønskje og oppfylle det. Frivilligsentralane og kommunale tenester syt føre at gåva kjem fram til jul.

Julegåve til ein ukjend: Du kan også gi julegåver til vaksne eller familiegåver. Det gjer du ved juletreet midt i Alti Nordfjord, eller til Selje Frivilligsentral tlf. 95869223. Heimestrikka ting og gåvekort er svært populære gåver. Desse gåvene treng du ikkje pakke inn, men du kan viss du vil. Vi er uansett nøydde til å opne dei slik at vi veit at alt er OK. 

Pengegåve: Vi er mange organisasjonar som er med på dette, men har felles pengeinnsamling gjennom Eid Røde Kors. Dei som ønskjer å støtte kan sende pengar på VIPPS til 21181 eller sett beløpet inn på Eid Røde kors sin konto 3705.45.32505, merk betaling/VIPPS med Juleglede i Stad.

Er det bedrifter som ønskjer å støtte og samstundes få gåva innberetta til skattetrekk for dette av Røde Kors så må de:

a. Føre beløpet på kontonummer: 1506 50 79280 (tilhøyrer Røde Kors sentralt).

b. Merke pengegåva: «Eid Røde Kors», då går pengane til den humanitære aktiviteten i regi av Eid Røde Kors. Om dette vert gløymt vil pengane gå til anna viktig humanitær aktivitet i Norge.

c. Sende ei melding til Dag Sætren på tlf. 98053080 eller på epost dag.satren@gmail.com og gi beskjed om kva bedrift som har støtta og beløpet de har støtta med.

Storleiken på gåver som vert innberetta er minimum kr. 500,- og maks 25.000,- (samla gåvebeløpt til organisasjon gjennom året). 

Treng du ei matkasse eller ei gåve?
 Dersom du er i ei lavinntektshushaldning i Stad kommune, treng ei gåve eller ei matkasse, og ingen har spurt deg om du treng det. Då kan du ta direkte kontakt med Eid Frivilligsentral på tlf. 41460042 eller helst fylle ut skjema som du finn her, så kan vi ordne det aller meste.

Med helsing

Selje Røde Kors, Selje Sanitetsforening, Bryggja Sanitetsforening, Kjølsdalen Sanitetsforening, Nordfjordeid Sanitetsforening, Eid Røde Kors, Alti Nordfjord, Stad kyrkjelege fellesråd, Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral

Flere nyheter

Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek form. Oppdatering flyttesjau del 2

Vi er komne til veke 44. Dei to siste vekene har det skjedd utrulig mykje i biblioteklokala i Sophus Lie vegen 3. Mange bøker er kassert, hyllene er flytta saman på fremste delen av lokala. Denne veka er biblioteket stengt tysdag 28/10 og held elles ope til vanlege tider. Mange veggar har allereie skifta farge. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral og den nye lesesalen var dei to første romma som vart måla ferdig.

Flytting av Eid Frivilligsentral - statusoppdatering

Frå 01.01.2026 vil Eid Frivilligsentral og alle dei aktivitetane som tidlegare har vore på Kringla og Møteplassen i Eidsgata 9 verte å finne saman med Stad Bibliotek i Sophus Lie - vegen 3 (Operahuset Nordfjord). Allereie no har Eid Frivilligsentral fast kontordag der tysdag og torsdag, og du er hjerteleg velkomen innom både der og i Eidsgata 9 dei andre vekedagane. I denne nyhendesaka kan du følgje arenautviklingsprosjektet og ommøbleringa i biblioteket steg for steg framover til eit spennande formidlings og aktivitetslokale med stort potensiale!

2025 © Eid frivilligsentral