-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek enno meir form. Oppdatering flyttesjau del 3
Vi lova eigentleg ei oppdatering i veke 46, men det er enno betre med ei veke 47 oppdatering. Biblioteket er ferdige med stengeperioden sin (veke 45 og 46), og er no i god drift att. Det er snekra og mala og meir skal det bli. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral har "husa" sit første offisielle møte i regi av ein frivillig organisasjon.Biblioteket er framleis ikkje heilt ferdig, men no ser du virkelig kor flott dette kjem til å bli. Golva er no ferdig oppussa og skal halde i minst 10 år. Veggane i biblioteklokalet er ferdig måla. Hyllene er plasserte på nye måtar, som gjer lokalet mykje opnare. Det kan kome krimkrok, lokalboksamling m.m. rett utanfor kontora. Nokre bøker har framleis ikkje funne si nye hylle enno. Biblioteksjef Janne Mari seier at no er A-J på plass og resten er det berre å spørje etter, så kan du få låne dei også.
I tillegg er barne og ungdomslitteraturen på plass. Barnebøkene har fått ei flott ramme rundt seg og det nye barnerommet har fått eit fantastisk fint amfi.
Den gamle skranken er vekk. Ny skranke er førebels eit skrivebord, men rigga fint til. Bak skranken er det bygd ein flott vegg som avgrensar skrankeområdet.
Tysdag i veke 46 var det bygdeboknemnda til Eid Sogelag som var første frivillige gruppe som hadde møte i aktivitetsrommet. "Frivilligsentralpaparazzien" var sjølvsagt på plass og dokumenterte hendiga. Aktivitetsrommet er på ingen måte ferdig møblert. Teleslynge og skjermar er ikkje komne på plass enno. I tillegg kjem det andre og meir fleksible møblar i rommet. Det her blir såååååå fint. Berre vent å sjå!
Her er bilete frå veke 46 då bøkene framleis var på veg inn i hyllene og hyllene stod litt hulter til bulter. Veggane hadde fått nye fargar og golvet var så nyoppussa at ein god del hyller enno stod på papir. På barnerommet var amfi under bygging og bak skranken låg skjelettet til ein ny vegg.
Så er vi komne til veke 47. Den nydelige veggen bak ny skranke er komen opp. Biblioteket er i full drift, sjølv om der framleis er bøker og hyller som skal på plass. Barneavdelinga ser fantastisk ut og på barnerommet er amfiet heilt ferdig.
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: