-
💚 Folkehelseundersøkinga 2026 💚
💛 16. april 2026 blir eit utval av innbyggjarane i Vestland over 18 år inviterte til å delta i folkehelseundersøkinga. 📲 Undersøkinga er nettbasert og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post. ⁉️Treng du digital rettleiing for å kunne svare på undersøkninga? Både biblioteket og Eid Frivilligsentral står klare til å hjelpe deg! 😀 Vi kan ikkje hjelpe deg med svara, men hos oss kan du låne ein pc eller få rettleiing om korleis du loggar deg inn på Helse Norge.
Det er liv og røre på Eid Frivilligsentral frå føremiddag til kveld - Dette skjer i veke 47
Kvar dag utanom søndag vil det vere aktivitet på Kringla - Eid Frivilligsentral og Møteplassen her i Eidsgata 9. Vi minner om at flytting av aktivitetar til biblioteket i Operahuset Nordfjord ikkje skjer før i 2026. Velkomne til å bli med på superkjekke aktivitetar. I tillegg til dei vi omtaler her, så har frivillige lag og organisasjonar mange kjekke aktivitetar rundt om i heile kommunen.Noko av den aktiviteten vil du finne her på Stad Foreningsportal sin aktivitetskalendar.
Her finn du ein oversikt over små og store aktivitetar på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 i veke 47. Er arrangementet merka "Kringla" nyttar du inngangen på nordsida av bygget. Er arrangementet merka Møteplassen nyttar du inngangen frå Eidsgata. Kom å bli med dersom du har lyst!
Måndag 17.11.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
kl. 11.30 Datahjelp på ein måndag (Kringla) arr. Seniornett Eid
Tysdag 18.11.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Eid Frivilligsentral har kontordag på Stad bibliotek i Operahuset. Berre ring/send epost eller kom innom der.
kl. 10.00 - 11.00 Sterk og Stødig trim - gruppe 1 (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.30 - 12.30 Sterk og stødig trim - gruppe 2 (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla)
Onsdag 19.11.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
Torsdag 20.11.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Eid Frivilligsentral har kontordag på Stad bibliotek i Operahuset. Berre ring/send epost eller kom innom der.
kl. 11.30 - 15.00 Datakafè med Seniornett Eid Tema: Jul - Postsendingar og pakkepost. Individuell hjelp etter lunsj
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Kafe (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg
Fredag 21.11.2025
kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
kl. 12.00 - 13.00 SeniorQuiz (Kringla) Les om Seniorquizen her
Laurdag 22.11.2025
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg.
I tillegg til alle møteplassane har Eid Frivilligsentral middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag. Vi førebur Prosjekt Juleglede med pakking og utdeling av matkasser, julegledegåvekort til born under 18 år, Ønskjetre på Alti og julegåve til ein ukjend. Meir informasjon kjem som eiga sak her på sida no i veke 47.
Stad Demenskor er i full gang med øvingane på dagsenteret på Hogatunet bu- og behandlingssenter. Ønskjer du å bli med, eller kjenner du nokon som vil vere med så ring Eid Frivilligsentral på tlf. 41460042.
Velkomne innom Kringla og Møteplassen på Eid Frivilligsentral, der menneske møtest!
Del på:
-
Hurraaaa - Endelig er Eid Frivilligsentral på Instagram
Bedre seint enn aldri! No kan du følgje Eid Frivilligsentral både på Facebook og Instagram. Du finn lenkjer nedanfor. Følg oss gjerne - vi har mykje spennande på gang.
-
Vil du vere frivillig på opplæring og integrering sin julefest i Valhall 29.12.2025?
Opplæring og integrering skal i år arrangere julefest i Valhall måndag 29.12. frå klokka 15.00-18.00 . Dei ønskjer seg frivillige som kan vere ilag med dei denne dagen, gjerne frå klokka 14.00/14.30.
-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!
-
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek enno meir form. Oppdatering flyttesjau del 3
Vi lova eigentleg ei oppdatering i veke 46, men det er enno betre med ei veke 47 oppdatering. Biblioteket er ferdige med stengeperioden sin (veke 45 og 46), og er no i god drift att. Det er snekra og mala og meir skal det bli. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral har "husa" sit første offisielle møte i regi av ein frivillig organisasjon.