-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek form. Oppdatering flyttesjau del 2
Vi er komne til veke 44. Dei to siste vekene har det skjedd utrulig mykje i biblioteklokala i Sophus Lie vegen 3. Mange bøker er kassert, hyllene er flytta saman på fremste delen av lokala. Denne veka er biblioteket stengt tysdag 28/10 og held elles ope til vanlege tider. Mange veggar har allereie skifta farge. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral og den nye lesesalen var dei to første romma som vart måla ferdig.Tysdag 21. oktober (veke 43) var 28 Sterk og stødig trimmarar + 3 instruktørar oppe i aktivitetslokala og testa ut korleis det vil vere å ha trim der. Dette var kjempenyttig slik at vi kan sjå kva som må justerast på og ordnast for at dei viktige trimgruppene våre skal få gode vilkår også etter flyttinga frå Eidsgata 9.
Av fleire spennande ting som har skjedd desse vekene kan vi nemne at dørene inn mot nytt toalett er teke vekk. Ny vegg er komen opp inn til lager. Det er mursaga ny dør til toalettet og oppussing av golvet er så vidt igang. Det som skal bli barnerommet er også måla i fine fargar
No i veke 44 får veggane i bakerste delen av lokala nye fargar og golvet i same delen vert pussa opp slik at dei kan tåle hard bruk i minst 10 år til. I veke 45 skal det same gjerast i fremste delen av lokala. Då vert biblioteket heilt stengt frå laurdag 1. november til onsdag 12. november.
I Eidsgata 9 er det framleis lite som minner om flyttesjau. Det er blitt litt tommare på lageret. Astrid sitt kontor er litt meir kaotisk, og på møterommet har LO og Fagforbundet drive med storstilt rydding av sine skåp. Elles går alle aktivitetane som vanlig.
Ny oppdatering om flyttesjauen kjem i veke 46. Medan du ventar kan du kose deg med dette kjekke biletegalleriet frå oppussinga.
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: