-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Kreativ haustfotografering på Eid
Vestavind fotofrendar arrangerer fotokurs laurdag 25.oktober på Nordfjordeid. Dei får besøk av Antje Meier, ein dyktig, kreativ fotograf og erfaren kurshaldar som vil dele kunnskap og erfaring og lære oss ulike teknikkar, for å skape stemningsfulle bilde. Det blir både teori inne og fotografering utandørs, og haust og hauststemning blir eit hovudtema. Ta med kamera og pc, og bli med på ein inspirerande og kjekk dag saman med andre fotointeresserte.Tid og stad: Møteplassen, Eidsgata 9, kl. 9.30-17. Kurspris: 750 kroner
Påmelding ved å trykke «skal» på Facebook arrangementet.
Det er begrensa tal deltakarar.
Etter kurset blir det felles middag for dei som vil.
Ta kontakt med Anna Wuttudal, tlf. 91645057 eller Torhild Ulvesæter tlf. 47900073 dersom du ønsker meir informasjon.
Link til Facebokk arrangementet HER

Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: