-
Fårikålens Festdag
Flytting av Eid Frivilligsentral - statusoppdatering
Frå 01.01.2026 vil Eid Frivilligsentral og alle dei aktivitetane som tidlegare har vore på Kringla og Møteplassen i Eidsgata 9 verte å finne saman med Stad Bibliotek i Sophus Lie - vegen 3 (Operahuset Nordfjord). Allereie no har Eid Frivilligsentral fast kontordag der tysdag og torsdag, og du er hjerteleg velkomen innom både der og i Eidsgata 9 dei andre vekedagane. I denne nyhendesaka kan du følgje arenautviklingsprosjektet og ommøbleringa i biblioteket steg for steg framover til eit spennande formidlings og aktivitetslokale med stort potensiale!Dette skjer i prosjektet dei nærmaste vekene (sjølvsagt med atterhald om uventa endringar som vi ikkje hadde teke høgde for):
Veke 42
Onsdag til fredag - Nye lesesalen og Frivilligsentralen sitt aktivitetsrom vert mala.
Veke 43
Snikkararbeid: Det skal settast opp ein lettvegg bak toalettdør, og lagast ny dør til toalett.
Prøveaktivitet i det nye aktivitetsrommet: Sterk og stødig trimmen sine 2 tysdagsgrupper prøver ut det nye aktivitetsrommet.
Planlagt i veke 44 og 45
Golvarbeid: I denne perioden skal vi behandle golvet, og enkelde dagar vil biblioteket vere stengt fordi ein ikkje kan gå på golvet under behandlinga. Dette vil bli annonsert på nettsider, i sosiale media og på plakatar i biblioteket og i Eidsgata 9.
Vidare framdriftsplan blir lagt etterkvart som arbeidet går vidare.
Målet er at stengeperiodane til biblioteket skal bli kortast mogleg. Biblioteket jobbar med ein plan om korleis ein kan ha eit "mini-bibliotek" tilgjengeleg i foajeen dei periodane ein må halde heilt stengt.
Alle aktivitetar som no held til i Eidsgata 9, held fram der ut 2025. Går alt slik vi har planlagt, startar alle opp att aktiviteten i nye lokaler anten i veke 2 eller 3.
Følg med - følg med! Vi skal halde deg oppdatert på det som skjer.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.