-
Nytt og nyttig for frivillige i Stad - Nyhendebrev nr. 4/2025
Nyhendebrev nr. 4/2025 - Nytt og nyttig for frivillige i Stad er sendt ut til lag og organisasjonar i Stad 09.10. Gjennom Stad Foreningsportal.
Det er liv og røre på Eid Frivilligsentral frå føremiddag til kveld - Dette skjer i veke 41
Kvar dag utanom søndag vil det vere aktivitet på Kringla - Eid Frivilligsentral og Møteplassen her i Eidsgata 9. Vi minner om at flytting av aktivitetar til biblioteket i Operahuset Nordfjord ikkje skjer før i 2026. Velkomne til å bli med på superkjekke aktivitetar. I tillegg til dei vi omtaler her, så har frivillige lag og organisasjonar mange kjekke aktivitetar rundt om i heile kommunen.Noko av den aktiviteten vil du finne her på Stad Foreningsportal sin aktivitetskalendar.
Her finn du ein oversikt over små og store aktivitetar på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 i veke 39. Er arrangementet merka "Kringla" nyttar du inngangen på nordsida av bygget. Er arrangementet merka Møteplassen nyttar du inngangen frå Eidsgata. Kom å bli med dersom du har lyst!
Måndag 06.10.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
kl. 18.00 Nordfjordeid sanitetsforening - møte beredskapsgruppa
kl. 18.00 Møte Fellesforbundet
Tysdag 07.10.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Eid Frivilligsentral har kontordag på Stad bibliotek i Operahuset. Berre ring/send epost eller kom innom der.
kl. 10.00 - 11.00 Sterk og Stødig trim - gruppe 1 (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.30 - 12.30 Sterk og stødig trim - gruppe 2 (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla)
Onsdag 08.10.2025
Kl. 11.00 - 14.00 Eid Datastove - dataopplæring for nybyrjarar på PC/smarttelefon/nettbrett! 4. vekes kurs - påmelding til Åsmund tlf. 905 84 220.
kl. 17.00 - 19.00 Pokemon Trade night (Møteplassen). Les meir om arrangementet HER
Torsdag 09.10.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Eid Frivilligsentral har kontordag på Stad bibliotek i Operahuset. Berre ring/send epost eller kom innom der.
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Kafe (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg
Fredag 10.10.2025
kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
kl. 12.00 - 13.00 SeniorQuiz (Kringla) Les om Seniorquizen her
NB! Merk at det ikkje er parkinsongruppe denne fredagen. Neste gruppeøkt er fredag 17.10. kl. 13.00. Les meir om Parkinsongruppa her
Laurdag 11.10.2025
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg.
I tillegg til alle møteplassane har Eid Frivilligsentral middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag.
Stad Demenskor er i full gang med øvingane på dagsenteret på Hogatunet bu- og behandlingssenter. Ønskjer du å bli med, eller kjenner du nokon som vil vere med så ring Eid Frivilligsentral på tlf. 41460042. Les om demenskoret HER
Er du senior og treng opplæring i bruk av smarttelefon, nettbrett eller PC, så meld deg på Eid Datastove. Påmelding til Åsmund tlf. 905 84 220 eller Eid Frivilligsentral tlf. 41460042. Les om Eid datastova her.
Velkomne innom Kringla og Møteplassen på Eid Frivilligsentral, der menneske møtest!
Del på:
-
Lær deg å bruke Stad Foreningsportal og Tilskuddsportalen - book eit minikurs når det passar for deg!
Dette er eit tilbod til alle frivillige organisasjonar som føler dei treng litt hjelpe til å kome igang med å marknadsføre seg på Stad Foreningsportal og/eller treng hjelp til å bruke Tilskuddsportalen. Ta kontakt med Eid Frivilligsentral og book eit lite minikurs i foreningsportal/tilskuddsportal. Vi avtaler tid og stad som passar deg. Det er sjølvsagt heilt gratis. Kontakt Frivilligsentralen på tlf. 41460042, eller på epost: post@eid.frivilligsentral.no .
-
Spelemidlar 2026 - Søknadsfrist 15.oktober 2025
No nermar det seg søknadsfristen for spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Fristen er 15. oktober! Vi håpar ditt lag planlegg å søkje. Les meir om ordninga på lenkja nedanfor!
-
SeniorQuiz
-
Bli med på Fjordane Friluftsråd sin Friluftsskule i sommar
Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi har ein flott kystnatur, og Fjordane Friluftsråd vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer dei å gje born og unge ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.