-
Fårikålens Festdag
Det er liv og røre på Eid Frivilligsentral frå føremiddag til kveld - Dette skjer i veke 39
Kvar dag utanom søndag vil det vere aktivitet på Kringla - Eid Frivilligsentral og Møteplassen her i Eidsgata 9. Vi minner om at flytting av aktivitetar til biblioteket i Operahuset Nordfjord ikkje skjer før i 2026. Velkomne til å bli med på superkjekke aktivitetar. I tillegg til dei vi omtaler her, så har frivillige lag og organisasjonar mange kjekke aktivitetar rundt om i heile kommunen.Noko av den aktiviteten vil du finne her på Stad Foreningsportal sin aktivitetskalendar.
Her finn du ein oversikt over små og store aktivitetar på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 i veke 39. Er arrangementet merka "Kringla" nyttar du inngangen på nordsida av bygget. Er arrangementet merka Møteplassen nyttar du inngangen frå Eidsgata. Kom å bli med dersom du har lyst!
Måndag 22.09.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
Tysdag 23.09.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Eid Frivilligsentral har kontordag på Stad bibliotek i Operahuset. Berre ring/send epost eller kom innom der.
kl. 10.00 - 11.00 Sterk og Stødig trim - gruppe 1 (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.30 - 12.30 Sterk og stødig trim - gruppe 2 (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla)
Onsdag 24.09.2025
Kl. 11.00 - 14.00 Eid Datastove - dataopplæring for nybyrjarar på PC/smarttelefon/nettbrett! 4. vekes kurs - påmelding til Åsmund tlf. 905 84 220.
Torsdag 25.09.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Eid Frivilligsentral har kontordag på Stad bibliotek i Operahuset. Berre ring/send epost eller kom innom der.
Kl. 11.30 - 15.00 Datakafè Tema: Kjøpe billett med offentleg transport (Fram, Skyss, Vy) arr. Seniornett Eid.
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Kafe (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg
Fredag 26.09.2025
kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
kl. 12.00 - 13.00 SeniorQuiz (Kringla) Les om Seniorquizen her
NB! Merk at det ikkje er parkinsongruppe denne fredagen. Neste gruppeøkt er fredag 03.10. kl. 13.00. Les meir om Parkinsongruppa her
Laurdag 27.09.2025
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg.
I tillegg til alle møteplassane har Eid Frivilligsentral middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag.
Stad Demenskor er i full gang med øvingane på dagsenteret på Hogatunet bu- og behandlingssenter. Ønskjer du å bli med, eller kjenner du nokon som vil vere med så ring Eid Frivilligsentral på tlf. 41460042.
Er du senior og treng opplæring i bruk av smarttelefon, nettbrett eller PC, så meld deg på Eid Datastove. Det vert starta opp 4 vekes kurs i midten/slutten av september. Påmelding til Åsmund tlf. 905 84 220 eller Eid Frivilligsentral tlf. 41460042. Les om Eid datastova her.
Velkomne innom Kringla og Møteplassen på Eid Frivilligsentral, der menneske møtest!
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.