-
Spelemidlar 2026 - Søknadsfrist 15.oktober 2025
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? Då er søknadsfristen 15. oktober.
Det er liv og røre på Eid Frivilligsentral frå føremiddag til kveld - Dette skjer i veke 38
Kvar dag utanom søndag vil det vere aktivitet på Kringla - Eid Frivilligsentral og Møteplassen her i Eidsgata 9. Vi minner om at flytting av aktivitetar til biblioteket i Operahuset Nordfjord ikkje skjer før i 2026. Velkomne til å bli med på superkjekke aktivitetar. I tillegg til dei vi omtaler her, så har frivillige lag og organisasjonar mange kjekke aktivitetar rundt om i heile kommunen.Noko av den aktiviteten vil du finne her på Stad Foreningsportal sin aktivitetskalendar.
Her finn du ein oversikt over små og store aktivitetar på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 i veke 38. Er arrangementet merka "Kringla" nyttar du inngangen på nordsida av bygget. Er arrangementet merka Møteplassen nyttar du inngangen frå Eidsgata. Kom å bli med dersom du har lyst!
Måndag 15.09.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
Tysdag 16.09.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Eid Frivilligsentral har kontordag på Stad bibliotek i Operahuset. Berre ring/send epost eller kom innom der.
kl. 10.00 - 11.00 Sterk og Stødig trim - gruppe 1 (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.30 - 12.30 Sterk og stødig trim - gruppe 2 (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla)
Onsdag 17.09.2025
Kl. 11.00 - 14.00 SESONGSTART - Eid Datastove - dataopplæring for nybyrjarar på PC/smarttelefon/netbrett! 4. vekes kurs - påmelding til Åsmund tlf. 905 84 220.
Torsdag 18.09.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Eid Frivilligsentral har kontordag på Stad bibliotek i Operahuset. Berre ring/send epost eller kom innom der.
Kl. 11.30 - 15.00 Datakafè Tema: Reiseplanlegging innanlands med offentleg transport inkl. fly (Kringla) arr. Seniornett Eid.
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Kafe (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg
Fredag 19.09.2025
kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
kl. 12.00 - 13.00 SeniorQuiz (Kringla) Les om Seniorquizen her
kl. 13.00 - 14.15 Parkinsongruppe (Kringla) med enkel trim kl. 13.30. Les meir om Parkinsongruppa her
Laurdag 20.09.2025
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg.
I tillegg til alle møteplassane har Eid Frivilligsentral middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag.
Stad Demenskor er i full gang med øvingane på dagsenteret på Hogatunet bu- og behandlingssenter. Ønskjer du å bli med, eller kjenner du nokon som vil vere med så ring Eid Frivilligsentral på tlf. 41460042.
Er du senior og treng opplæring i bruk av smarttelefon, nettbrett eller PC, så meld deg på Eid Datastove. Det vert starta opp 4 vekes kurs i midten/slutten av september. Påmelding til Åsmund tlf. 905 84 220 eller Eid Frivilligsentral tlf. 41460042. Les om Eid datastova her.
Velkomne innom Kringla og Møteplassen på Eid Frivilligsentral, der menneske møtest!
Del på:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til spelemiddelkurs - 16.09.25 kl. 19.00-21.00 eller 25. 09.25 kl 17.00-19.00
Vestland fylkeskommune inviterer til to digitale kurs om spelemiddelordninga. Kursa er for alle som skal søke om spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet for søknadsrunden 2026 eller i framtida.
-
Det er liv og røre på Eid Frivilligsentral frå føremiddag til kveld - Dette skjer i veke 36
Kvar dag utanom søndag vil det vere aktivitet på Kringla - Eid Frivilligsentral og Møteplassen her i Eidsgata 9. Vi minner om at flytting av aktivitetar til biblioteket i Operahuset Nordfjord ikkje skjer før i 2026. Velkomne til å bli med på superkjekke aktivitetar. I tillegg til dei vi omtaler her, så har frivillige lag og organisasjonar mange kjekke aktivitetar rundt om i heile kommunen.
-
SeniorQuiz
-
Bli med på Fjordane Friluftsråd sin Friluftsskule i sommar
Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi har ein flott kystnatur, og Fjordane Friluftsråd vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer dei å gje born og unge ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.