Det er liv og røre på Eid Frivilligsentral frå føremiddag til kveld - Dette skjer i veke 36

Kvar dag utanom søndag vil det vere aktivitet på Kringla - Eid Frivilligsentral og Møteplassen her i Eidsgata 9. Vi minner om at flytting av aktivitetar til biblioteket i Operahuset Nordfjord ikkje skjer før i 2026. Velkomne til å bli med på superkjekke aktivitetar. I tillegg til dei vi omtaler her, så har frivillige lag og organisasjonar mange kjekke aktivitetar rundt om i heile kommunen.

Noko av den aktiviteten vil du finne her på Stad Foreningsportal sin aktivitetskalendar. 

Her er oversikt over aktiviteten i Eidsgata 9 denne veka. Er arrangementet merka "Kringla" nyttar du inngangen på nordsida av bygget. Er arrangementet merka Møteplassen nyttar du inngangen frå Eidsgata:

Måndag 01.09.2025
Kl. 10.00 - 13.00 Kontoret er ope (Kringla)
Kl. 19.00 - 20.30 Nordfjordeid sanitetsforening - Språkvenn (Kringla)
kl. 19.00 - 21.00 Eid Røde Kors omsorg - Medlemsmøte (Møteplassen)

Tysdag 02.09.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla) 

Onsdag 03.09.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)

Torsdag 04.09.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er steng pga. møte heile dagen  (Kringla)
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Kafe (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg

Fredag 05.09.2025
kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
kl. 12.00 - 13.00 SeniorQuiz (Kringla) Les om Seniorquizen her
kl. 13.00 - 14.15 Parkinsongruppe (Kringla) med enkel trim kl. 13.30. Les meir om Parkinsongruppa her

Laurdag 06.09.2025
kl. 11.00 - 14.00 SESONGSTART!! Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg.

I tillegg til alle møteplassane har Eid Frivilligsentral middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag. 

Onsdag 3. september er det sesongstart for Stad Demenskor på dagsenteret på Hogatunet bu- og behandlingssenter kl. 17.30 - 19.00. Ønskjer du å melde deg på så ring Eid Frivilligsentral på tlf. 41460042.

Er du senior og treng opplæring i bruk av smarttelefon, nettbrett eller PC, så meld deg på Eid Datastove! Påmelding til Åsmund tlf. 905 84 220 eller Eid Frivilligsentral tlf. 41460042. Les om Eid datastove her.

Vi minner også om at det er sesongstart for Sterk og stødig trimmen i veke 37 - tysdag 9. september, og for Seniornett Eid sin Seniornettkafè torsdag 11. september. 

Velkomne innom Kringla og Møteplassen på Eid Frivilligsentral, der menneske møtest!

Flere nyheter

Støtt Julegledeprosjekta 2025!

Frivillige og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede for lavinntektshushaldningar i kvar ein krok av Stad kommune. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser, julegåver, gåvekort, og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Vi treng mellom 170.000,- og 200.000,- for å få dette til å gå rundt økonomisk. Dersom mage gir litt så klarer vi dette - men vi treng hjelp!

Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek form. Oppdatering flyttesjau del 2

Vi er komne til veke 44. Dei to siste vekene har det skjedd utrulig mykje i biblioteklokala i Sophus Lie vegen 3. Mange bøker er kassert, hyllene er flytta saman på fremste delen av lokala. Denne veka er biblioteket stengt tysdag 28/10 og held elles ope til vanlege tider. Mange veggar har allereie skifta farge. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral og den nye lesesalen var dei to første romma som vart måla ferdig.

2025 © Eid frivilligsentral