Møt vår nye medarbeider i sommar

Vi har lyst til å presentere Ruaa Krizan som skal arbeide her på Eid Frivilligsentral i sommar. Ho skal vere arbeidsleiar for sommarhjelpene våre som skal arrangere Sommarmøteplass for born og unge og drifte sommarBUA her i Eidsgata 9.

Ruaa er ei smilande blid dame som har budd på Nordfjordeid i ca. 4 år. Ho kjem opprinneleg frå Damaskus i Syria. Ruaa er utdanna fagarbeider, har studert norsk, engelsk og samfunnsfag vidaregåande i Førde og på Nordfjordeid, og er no klar for vidare studier. Ruaa er å treffe på Frivilligsentralen (mest trulig inne på Møteplassen) måndag, tysdag og fredag frå kl. 11.00 - 17.00 og onsdag, torsdag frå kl. 14.00 - 20.00.

Vi gledar oss til ein kjekk sommar saman med Ruaa og sommarhjelpene. Prosjektet Sommarhjelp for sommarmøteplass 2025 er drifta med gåvemidlar frå Gjensidigestiftelen.


2026 © Eid frivilligsentral