-
Støtt Julegledeprosjekta 2025!
Frivillige og Alti Nordfjord har i mange år samarbeidd om å skape juleglede for lavinntektshushaldningar i kvar ein krok av Stad kommune. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser, julegåver, gåvekort, og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Vi treng mellom 170.000,- og 200.000,- for å få dette til å gå rundt økonomisk. Dersom mage gir litt så klarer vi dette - men vi treng hjelp!
Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 20
Her finn du ein oversikt over små og store aktivitetar på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 i veke 20. Er arrangementet merka "Kringla" nyttar du inngangen på nordsida av bygget. Er arrangementet merka Møteplassen nyttar du inngangen frå Eidsgata. Kom å bli med dersom du har lyst!Måndag 12.05.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
Kl. 11.30 - 15.00 Datahjelp med Lill/Kevin arr. Seniornett Eid (Kringla). Avtal på førehand med Kevin (97184745) eller Lill (93472828) helst innan fredag før.
Tysdag 13.05.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 10.00 - 11.00 Sterk og stødig - trimgruppe 1 (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.30 - 12.30 Sterk og stødig - trimgruppe 2 (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 15.00 - 17.30 Dugnad i Sansehagen på Hogatunet bu- og behandlingssenter
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla)
Onsdag 14.05.2025
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
Torsdag 15.05.2025
kl. 09.30 - 14.00 LA senteret sin POP-UP butikk (Møteplassen) Her kan du m.a. kjøpe deg god lunsj etter barnehagetoget.
Kl. 10.00 - 15.00 Kontoret er ope (Kringla)
kl. 11.30 Seniornett - surfekafè med tema; Google maps - Sesongavslutning våren 2025 (Kringla) arr. Seniornett Eid
kl. 13.30 Seniornett Eid - styremøte (Kringla)
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Kafe (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg
Fredag 16.05.2025
kl. 12.00 SeniorQuiz (Kringla)
Laurdag 17.05.2025
GRUNNLOVSDAG OG FRIDAG
I tillegg til alle møteplassane har Eid Frivilligsentral middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag. Vi har fått tilskot frå Gjensidigestiftelsen til Sommarmøteplassar også i 2025. Er du mellom 14 og 18 år og interessert i sommarjobb så les om det her.
Minner om vårdugnaden i Sansehagen på Hogatunet tysdag kl. 15.00. Den kan du lese meir om her.
Velkomne på dugnad, eller innom Kringla - Eid Frivilligsentral!
Del på:
-
Treng du hjelp frå prosjekt Juleglede i Stad 2025?
Mange kommunale tenester i Stad registrerer no behov for matkasse, julegledegåvekort (til born under 18 år) og ønskjetregåver (til born under 19 år). Men dersom ingen har spurt din husstand om de treng noko av dette, så kan du fylle ut skjema nedanfor så kan vi hjelpe. Vi kan hjelpe i alle deler av Stad kommune. Dette kan vi bidra med:
-
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek enno meir form. Oppdatering flyttesjau del 3
Vi lova eigentleg ei oppdatering i veke 46, men det er enno betre med ei veke 47 oppdatering. Biblioteket er ferdige med stengeperioden sin (veke 45 og 46), og er no i god drift att. Det er snekra og mala og meir skal det bli. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral har "husa" sit første offisielle møte i regi av ein frivillig organisasjon.
-
Det er liv og røre på Eid Frivilligsentral frå føremiddag til kveld - Dette skjer i veke 47
Kvar dag utanom søndag vil det vere aktivitet på Kringla - Eid Frivilligsentral og Møteplassen her i Eidsgata 9. Vi minner om at flytting av aktivitetar til biblioteket i Operahuset Nordfjord ikkje skjer før i 2026. Velkomne til å bli med på superkjekke aktivitetar. I tillegg til dei vi omtaler her, så har frivillige lag og organisasjonar mange kjekke aktivitetar rundt om i heile kommunen.
-
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek form. Oppdatering flyttesjau del 2
Vi er komne til veke 44. Dei to siste vekene har det skjedd utrulig mykje i biblioteklokala i Sophus Lie vegen 3. Mange bøker er kassert, hyllene er flytta saman på fremste delen av lokala. Denne veka er biblioteket stengt tysdag 28/10 og held elles ope til vanlege tider. Mange veggar har allereie skifta farge. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral og den nye lesesalen var dei to første romma som vart måla ferdig.