-
Fårikålens Festdag
Sommarhjelp - NY SØKNADSFRIST 3. juni 2025
VI UTVIDAR SØKNADSFRISTEN TIL 3. JUNI! SØK, SØK!! Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga tilbyr 2 vekers sommarjobb for ungdommar i Stad kommune født 2011-2007. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her:Ungdom i alder 14 - 18 år som har folkeregistrert bustadadresse i Stad kommune kan søkje.
Arbeidsperioden varer i 2 veker.
Arbeidsstad Selje eller Nordfjordeid.
Oppstart frå veke 27.
Kva går jobben ut på:
Som sommmarhjelp skal du skape sommarmøteplassar/-aktivitet for barn/ungdom og drifte utlånsordninga BUA.
Ein skal jobbe i eit team på to eller tre stk. sommarhjelper.
Ein vil få god opplæring og blir følgt opp av ein arbeidsleiar.
Hovudoppgåver til Sommarhjelpene:
- Drifte BUA.
lære seg BUA systemet, utlån, halde ordne på lokale og aktivitetsutstyret.
-Lage til aktivitetar og møteplassar for ungdom.
Nokon av aktivitetane i samarbeid med lokale lag og organisasjonar.
Alle som søkjer Sommarhjelp må legge ved ein CV i søknadsskjema.
Sjølv med liten eller ingen arbeidserfaring kan, og bør ein lage ein CV.
Klikk på lenkene/ blå knappane for gode tips:
Korleis skrive ein god CV Døme på CV/ CV mal
SØK på Sommarhjelp jobb her: SØKNADSSKJEMA
!Når ein søkjer skal ein krysse av for kva veker ein kan jobbe.
Pass på å planlegg godt for vi kan ikkje justere etter kvar enkelt i ettertid.
Altså om ein får tilbod om jobb og det viser seg at ein for eksempel kun kan jobbe ei av vekene pga andre planar, so må ein takke nei og jobben går til neste på lista. )
Dei som ikkje har jobba som sommarhjelp før og/eller ikkje har andre jobbar i sommar, vil bli prioritert.
Ta kontakt om ein har spørsmål
_______________________________________________________________________________________________________
*Vil ditt lag/org. lage, ein aktivitet for born og unge i sommarferien?
Ein kan då fylle ut eit enkelt søknadsskjema og få tilskot på kr 2000,- til aktiviteten/laget.
Les meir HER
Ta kontakt med dagleg leiar i Selje eller Eid frivilligsentral.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.