-
Fårikålens Festdag
FRIVILLIGKVELD 19. MARS 2025
Frivilligkveld er ein av to årlege møteplassar mellom frivilligheita og Stad kommune. Vi møtast for å snakke om viktige tema og skal finne ut korleis ein saman best kan legge til rette for frivilligheit i åra framover. Bryggja Grendahus kl.: 17:30 - 20:30. Vi møtest og inspirerer kvarandre! På frivilligkvelden 2025 skal vi m.a. skipe eit Frivilligråd for Stad og presentere Stad kommune sin frivilligpolitikk 2025-2028. Vi har infotorg der vi oppmodar alle om å ha med informasjon om det dykkar lag driv med. Vi ønskjer å få til "speed dating" der vi fortel kvarandre om kjekke aktivitetar/prosjekt.... og ikkje minst ete god mat frå Bakerie A/S på Bryggja.Velkomne til ein inspirerande, kjekke, sosial og lærerik kveld på Bryggja!
For meir informasjon og påmeldingslenke trykk HER
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.