Godt Nytt År - Veke 1 på Eid Frivilligsentral

Først vil vi ønskje alle eit riktig godt nytt år! Veke 1 er ei kort og stille veke her på Eid Frivilligsentral. Kontoret er ope frå kl. 09.30 - 15.00 torsdag 2. januar og fredag 3. januar. Dei aller fleste av dei faste aktivitetane startar ikkje opp før i veke 2. Unntaket er i dag torsdag 2. januar kl. 18.00 - 20.00. Då er det internasjonal kafe på Kringla arrangert av Eid Røde Kors omsorg. Ta gjerne turen innom. Vi har måka så godt vi kan.
2026 © Eid frivilligsentral