-
Vil du vere frivillig på opplæring og integrering sin julefest i Valhall 29.12.2025?
Opplæring og integrering skal i år arrangere julefest i Valhall måndag 29.12. frå klokka 15.00-18.00 . Dei ønskjer seg frivillige som kan vere ilag med dei denne dagen, gjerne frå klokka 14.00/14.30.
Støtt prosjekt juleglede!
Frivillige og Eid Handel har i mange år samarbeidd om å skape juleglede for lavinntektshushaldningar i Stad kommune. Gjennom eit tett samarbeid med mange kommunale avdelingar, når vi ut til alle deler av kommunen både med matkasser, julegåver, gåvekort, og vi sikrar at born i lavinntektshushaldningar får minst ei gåve som dei ønskjer seg til jul. Vi treng mellom 170.000,- og 200.000,- for å få dette til å gå rundt økonomisk. Dersom mage gir litt så klarer vi dette - men vi treng dykkar hjelp!Vi er mange organisasjonar som er med på dette, men har felles innsamling gjennom Eid Røde Kors. Dei som ønskjer å støtte kan sende pengar på VIPPS til 21181 eller sett beløpet inn på Eid Røde kors sin konto 3705.45.32505, merk betaling/VIPPS med Juleglede i Stad.
Er det bedrifter som ønskjer å støtte og samstundes få gåva innberetta til skattetrekk for dette av Røde Kors så må de:
a. Føre beløpet på kontonummer: 8200 06 10190
b. Merke pengegåva: «Eid Røde Kors», då går pengane til den humanitære aktiviteten i regi av Eid Røde Kors. Om dette vert gløymt vil pengane gå til anna viktig humanitær aktivitet i Norge.
c. Sende ei melding til Dag Sætren på tlf. 98053080 eller på epost dag.satren@gmail.com og gi beskjed om kva bedrift som har støtta og beløpet de har støtta med. På den
Storleiken på gåver som vert innberetta er minimum kr. 500,- og maks 25.000,- (samla gåvebeløpt til organisasjon gjennom året).
Hjelp oss å hjelpe heilt lokalt!
På førehand takk for gåva!
Med helsing
Selje Røde Kors, Selje Sanitetsforening, Bryggja Sanitetsforening, Kjølsdalen Sanitetsforening, Nordfjordeid Sanitetsforening, Eid Røde Kors, Lions Club Nordfjordeid, Eid Handel, Selje Frivilligsentral og Eid Frivilligsentral
Del på:
-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!
-
Treng du hjelp frå prosjekt Juleglede i Stad 2025?
Mange kommunale tenester i Stad registrerer no behov for matkasse, julegledegåvekort (til born under 18 år) og ønskjetregåver (til born under 19 år). Men dersom ingen har spurt din husstand om de treng noko av dette, så kan du fylle ut skjema nedanfor så kan vi hjelpe. Vi kan hjelpe i alle deler av Stad kommune. Dette kan vi bidra med:
-
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek enno meir form. Oppdatering flyttesjau del 3
Vi lova eigentleg ei oppdatering i veke 46, men det er enno betre med ei veke 47 oppdatering. Biblioteket er ferdige med stengeperioden sin (veke 45 og 46), og er no i god drift att. Det er snekra og mala og meir skal det bli. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral har "husa" sit første offisielle møte i regi av ein frivillig organisasjon.
-
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek form. Oppdatering flyttesjau del 2
Vi er komne til veke 44. Dei to siste vekene har det skjedd utrulig mykje i biblioteklokala i Sophus Lie vegen 3. Mange bøker er kassert, hyllene er flytta saman på fremste delen av lokala. Denne veka er biblioteket stengt tysdag 28/10 og held elles ope til vanlege tider. Mange veggar har allereie skifta farge. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral og den nye lesesalen var dei to første romma som vart måla ferdig.