-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Takk til alle som kom på dugnad i Sansehagen 4. juli
Ein fantastisk gjeng på minst 14 stk. stilte på under dugnaden i Sansehagen på Hogatunet bu- og behandlingssenter torsdag 4. juli. Fleire organisasjonar hadde mobilisert medlemmer som hadde tid og lyst og vart med. Mellom dei var Stad Demensforening, Eid Røde Kors omsorg, Nordfjordeid sanitetsforening og Eid Pensjonistlag. Fleire organisasjonar har signalisert at dei vil vere med på dette samarbeidsprosjektet vidare. Tusen, tusen takk til alle som stilte på.Vi fekk vaska bord stolar og platting ved utgangen til hagen. Vi fekk vaska bålpanne og hammoc. Det vart kosta spylt og luka lagsmed stien, og det vart planta fine vekster som både gir gode sanseopplevingar for smakløkar, synet og luktesansen.
Vi hadde frivillige som stilte på som vaffelsteikarar, og serverte kaffi attåt. Veldig kjekt også at fleire bebuarar heiv seg med og hjelpte til.
Sjå den flotte reportasjen i Fjordabladet her
Her er nokre bilete som vi tok sjølve (alle foto: Kristin Aarsnes - Stad kommune):
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: