-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Sommarmøteplassen i Eidsgata 9 er open 6 veker i sommar
Sommarmøteplassen 2024 i Eidsgata 9 er sommaropen ungdomskafè drive av sommarhjelper (14-20 år) og støtta av Gjensidigestiftelsen. Sommarmøteplassen 2024 driftar også SommarBUA Eid frå slutten av veke 27 til slutten av veke 32. Sommarmøteplassen 2024 er open kvar dag måndag til fredag frå veke 27 til og med veke 32!Det er sommarhjelpteamet som planlegg aktivitetane kvar dag. Nokre dagar vert det aktivitetar inne. Andre dagar vert det aktivitetar rundt om kring i Nordfjordeid sentrum eller i nærområdet. Uansett kvar aktiviteten skal vere, vil Møteplassen i Eidsgata 9 halde ope for dei som ønskjer å vere der.
Opningstidene på Nordfjordeid er:
Måndag 11.00 - 17.00
Tysdag 11.00 - 17.00
Onsdag 14.00 - 20.00
Torsdag 14.00 - 20.00
Fredag 11.00 - 17.00
Sjå planer for veka og følg med på aktiviteten på Instagram på @eid_smp
I veke 27 og 28 er det Keira, Oliver og Edvin som driftar Sommarmøteplassen saman med arbeidsleiar Daniel.
I tillegg til Sommarømøteplassen i Eidsgata 9, er det tilsvarande Sommarmøteplass på BUA Selje/Nabben 80 (kommunehuset i Selje).
SOm nemnt er dette prosjektet finansiert av tilskotsmidlar frå Gjensidigestiftelsen. Vil du lære meir om Gjensidigestiftelsen og alle dei flotte tiltaka dei støttar, så les om det her
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: