-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Sommarhjelp - Søknadsfrist 2.juni 2024
Frivilligsentralane og Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og Bufdir tilbyr 2 vekers sommarjobb for ungdommar i Stad kommune. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her:Ungdom i alder 14 - 20 år som har folkeregistrert bustadadresse i Stad kommune kan søkje.
Arbeidsperioden varer i 2 veker.
Arbeidsstad Selje eller Nordfjordeid.
Det er to ulike jobbar ein kan søkje på:
• Sommarhjelp ungdomsaktivitet:
Skape sommarmøteplassar/-aktivitet for barn/ungdom og drifte BUA.
• Sommarhjelp omsorg:
Skape aktivitet for eldre som bur på institusjon.
!Om ein som ungdom/søkjar kanskje treng ei ekstra tilpassing av ein eller anna grunn so vil vi leggje tilrette for dette. Det kan vere språk, bevegelse eller andre barrierar/utfordringa.
Pass då på å få med dine behov for tilrettelegging i søknaden.
Litt meir om jobbane som Sommarhjelp:
Sommarhjelp omsorg:
Dei som er sommarhjelp på institusjon vil få god opplæring og bli godt følgt opp av dei tilsette som jobbar der. Ein vil få oppgåver som å hjelpe til med mat og måltid, prate, lese, synge om ein vil, vere sosiale, gå turar og finne på andre aktivitetar ilag med bebuarane og dei andre tilsette.
Sommarhjelp ungdomsaktivitet:
Dei som skal jobbe med aktivitet, BUA og møteplassar for born/ungdom, vil få god opplæring og blir følgt opp av ein arbeidsleiar.
Hovudoppgåver til Sommarhjelpene:
- Drifte BUA.
lære seg BUA systemet, utlån, halde ordne på lokale og aktivitetsutstyret.
-Lage til aktivitetar og møteplassar for ungdom.
Nokon av aktivitetane i samarbeid med lokale lag og organisasjonar.
Alle som søkjer Sommarhjelp må legge ved ein CV i søknadsskjema.
Sjølv med liten eller ingen arbeidserfaring kan, og bør ein lage ein CV.
Klikk på lenkene/ blå knappane for gode tips:
Korleis skrive ein god CV Døme på CV/ CV mal
SØK på Sommarhjelp jobb her: SØKNADSSKJEMA
!Når ein søkjer skal ein krysse av for kva veker ein kan jobbe.
Pass på å planlegg godt for vi kan ikkje justere etter kvar enkelt i ettertid.
Altså om ein får tilbod om jobb og det viser seg at ein for eksempel kun kan jobbe ei av vekene pga andre planar, so må ein takke nei og jobben går til neste på lista. )
Dei som ikkje har jobba som sommarhjelp før og/eller ikkje har andre jobbar i sommar, vil bli prioritert.
*Er du over 20 og vil søkje på jobben som arbeidsleiar?
Les og søk på jobben HER
*Vil ditt lag/org lage, ein aktivitet for born og unge i sommarferien?
Ein kan då ved å fylle ut ein enkel søknad få tilskot på kr 2000,-
Les og sjå skjema HER
Ta kontakt med dagleg leiar i Selje Frivilligsentral tlf. 95869223 eller Eid frivilligsentral tlf. 41460042 om ein har spørsmål.

Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: