-
Fårikålens Festdag
Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 14
Kvar veke lagar vi ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Denne veka har dagleg leiar studieveke og er kun tilgjengeleg på epost og sms. Men ta gjerne kontakt der! Her er oversikten over aktivitetar i veke 14.Måndag 01.04.2024
2. påskedag og fridag
Tysdag 02.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 12.00 Sterk og stødig - trimgruppe (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla)
Onsdag 03.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Datastove (Kringla) arr. Eid Datastove
kl. 09.30 - 14.00 Møte Fagforbundet (Møteplassen) arr. Fagforbundet Stad
kl. 18.00 Medlemsmøte i Eid Røde Kors Omsorg (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg.
Torsdag 04.03.2024
kl. 12.00 Seniornett - surfekafè Tema: Skatteetaten (Kringla) arr. Seniornett Eid
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Møteplass (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg
kl. 18.00 Årsmøte i Stad Demensforening (Møteplassen) arr. Stad Demensforening.
Fredag 05.04.2024
kl. 12.00 SeniorQuiz (Kringla)
Laurdag 06.04.2024
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg
I tillegg til alle møteplassane har vi middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag (ei rute laurdag). Frivilligsentralen sitt kontor er stengt denne veka pga. studieveke, men ta gjerne kontakt på epost og sms så svarar vi så snart vi kan.
Vi minner om kurs i oppdatering av Stad Foreningsportal i neste veke (torsdag 11/4 kl.18.00-19.00). Elles blir det mange kjekke småting innimellom.
Velkomne innom!
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.