-
Fårikålens Festdag
Dette skjer på Eid Frivilligsentral i veke 11
Kvar veke vil vi prøve å lage ein liten oversikt over kva som rører seg på Eid Frivilligsentral. Her er oversikten over veke 11.Måndag 11.03.2024
kl. 13.45 - 15.15 Fleirkulturell damegruppe - strikkegruppa (Kringla) arr. Eid Frivilligsentral
kl. 18.00 Årsmøte i LHL Eid (Møteplassen) arr. LHL Eid
Tysdag 12.03.2024
kl. 11.00 - 14.00 Tysdagskafè (Kringla) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 11.00 - 12.00 Sterk og stødig - trimgruppe (Møteplassen) arr. Eid Pensjonistlag
kl. 18.00 - 22.00 Møteplassen (Møteplassen) arr. Stad kommune - opplæring og integrering
kl. 18.30 - 19.30 Møte - Nordfjordeid Rotary klubb (Kringla)
Onsdag 13.03.2024
kl. 10.00 - 15.00 Samling for Frivilligsentralane i Nordfjord. (Møteplassen). Vi deltek på fagdag og årsmøtet i Vestland Frivilligsentralar (digitalt)
kl. 11.00 - 14.00 Datastove (Kringla) arr. Eid Datastove
Torsdag 14.03.2024
kl. 12.00 Seniornett - surfekafè Tema: Teams (Kringla) arr. Seniornett Eid
kl. 18.00 - 20.00 Internasjonal Møteplass (Kringla) arr. Eid Røde Kors - omsorg
Fredag 15.03.2024
kl. 12.00 SeniorQuiz (Kringla)
Laurdag 16.03.2024
kl. 11.00 - 14.00 Laurdagskafè (Kringla) arr. Eid Røde Kors omsorg
I tillegg til alle møteplassane har vi middagskøyrarar ute i teneste på to ruter kvar dag (ei rute laurdag). Denne veka skal vi lage til ny turnus for middagskøyrarane i indre del av Stad kommune heilt fram til 30. juni (hurraa det er snart sommar :-) ). Elles blir det mange kjekke småting innimellom. Måndag og tysdag er kontoret stengt, men Astrid svarer på epost og sms. Det blir nok ei "travel-kjekke-veke" her på Eid Frivilligsentral. Velkomne innom!
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.