-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
God jul og Godt Nytt år frå Eid Frivilligsentral
Då tek Eid Frivilligsentral juleferie og ønskjer alle velkomne tilbake anten som frivillige eller som deltakarar på dei mange møteplassane vi har her i EIdsgata 9.Det har vore ein fantastisk desember månad med mange hjelpande hender, fantastiske samarbeid med frivillige organisasjonar og kommunale avdelingar og stor givarglede frå privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til dei 4 store juleprosjekta vi har hatt gåande her på Frivilligsentralen. Tusen takk til alle som på ein eller annan måte har gjort ein innsats, og tusen takk til alle frivillige som gjer ein jamn innsats for oss heile året.
Med dette vil vi ønskje alle og ein kvar
GOD JUL og
Godt Nytt år!
Første store sprell i 2024 er Frivilligkvelden, onsdag 24. janiar kl. 17.30 på Bryggja Samfunnshus! Det blir veldig, veldig spennande!

Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: