-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
SLUTTSPURT - Klarer vi å få inn over 200 svar på kartlegginga av frivilligheita i Stad!
Dei siste tre vekene har Frivillighet Norge sendt ut epost til denne adressa med ei kartlegging av frivilligheita i Stad. I skrivande stund har vi fått inn 163 svar. 21 organisasjonar har starta å fylle ut. Men framleis er det heile 180 organisasjonar som kan svare. Det hadde vore så utrulig kjekt om vi klarte å få inn over 200 svar.Er du kontaktperson for ein eller fleire frivillige organisajonar og ikkje har sett eposten frå Frivillighet Norge er det kan hende fordi den kan ha lagt seg i mappa for søppelepost. Mange har funne den der. Fleire har også fått fleire kartleggingar fordi dei er kontaktperson for fleire organisasjonar. Vi håpar du kan sjå gjennom epostane dine, sjå om du finn kartlegginga og fyller den ut. Er du kontaktperson for fleire organisasjonar må du fylle ut ei kartlegging for kvar organisasjon.
Din organisasjon sine innspel betyr mykje for framtidig samskaping og tilrettelegging for frivilligheita i Stad kommune.
Eposten ser slik ut:
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: