-
💚 Folkehelseundersøkinga 2026 💚
💛 16. april 2026 blir eit utval av innbyggjarane i Vestland over 18 år inviterte til å delta i folkehelseundersøkinga. 📲 Undersøkinga er nettbasert og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post. ⁉️Treng du digital rettleiing for å kunne svare på undersøkninga? Både biblioteket og Eid Frivilligsentral står klare til å hjelpe deg! 😀 Vi kan ikkje hjelpe deg med svara, men hos oss kan du låne ein pc eller få rettleiing om korleis du loggar deg inn på Helse Norge.
Korleis er det å vere frivillig i Stad? Kartlegginga av frivilligheita i Stad er i full gang.
Målet i Stad kommune si frivilligpolitiske plattform er at det skal vere enkelt. Men er det slik? Kva må til for at vi saman skal nå dette målet? Måndag 13. november fikk alle frivillige organisasjonar i Stad kommune utsendt kartleggingsundersøkelse frå Frivillighet Norge. Sjekk om du /din organisasjon har fått e-posten frå Frivillighet Norge. Dersom det er organisasjonar som ikkje har fått den så ber vi alle om å sjekke mappe for søppelepost. Det kan vere at den ligg der. Dersom den ikkje ligg der, kontakt Eid eller Selje Frivilligsentral. No håpar vi at alle vil bruke 15-25 minutt og svare på undersøkinga. Svarfrist er 26. november. (foto: Olin Yri - Fjordabladet)Svara frå frivilligheta er med å forme framtida. Nettopp ved å fortelje kva som er bra, kva som er vanskeleg eller utfordrande og kome med å kome med idear og innspel på korleis det kan bli betre og enklare å vere frivillig i Stad.
Har ikkje ditt lag/ organisasjon fått e- post? Ta kontakt med Stad kommune v/Eid Frivilligsentral tlf. 41460042 eller Selje Frivilligsentral tlf. 95869223.
Les meir om undersøkinga her:
Stad foreningsportal: Kartlegging av frivilligheita i Stad kommune
Les også fine innlegg i lokalavisene våre:
Fjordenes Tidende - Vil lage felles arena for å løfte fram frivilligheita
Fjordabladet: – Aldri blitt gjort i dette omfanget før

Del på:
-
Hurraaaa - Endelig er Eid Frivilligsentral på Instagram
Bedre seint enn aldri! No kan du følgje Eid Frivilligsentral både på Facebook og Instagram. Du finn lenkjer nedanfor. Følg oss gjerne - vi har mykje spennande på gang.
-
Vil du vere frivillig på opplæring og integrering sin julefest i Valhall 29.12.2025?
Opplæring og integrering skal i år arrangere julefest i Valhall måndag 29.12. frå klokka 15.00-18.00 . Dei ønskjer seg frivillige som kan vere ilag med dei denne dagen, gjerne frå klokka 14.00/14.30.
-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!
-
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek enno meir form. Oppdatering flyttesjau del 3
Vi lova eigentleg ei oppdatering i veke 46, men det er enno betre med ei veke 47 oppdatering. Biblioteket er ferdige med stengeperioden sin (veke 45 og 46), og er no i god drift att. Det er snekra og mala og meir skal det bli. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral har "husa" sit første offisielle møte i regi av ein frivillig organisasjon.