-
Fårikålens Festdag
Frisklivssentralen arrangerer kvardagsgledekurs!
Kurset passar for folk over 18 år som ynskjer å ta grep om kvardagen. Kvardagsglede handlar om kva som skapar gode kvardagsopplevingar og det bidrar til å styrke di psykiske helse. Kurset handlar om korleis du, med fem grep og konkrete øvelsar, kan oppleve auka kvardagsglede. Kurset går over 6 kursdager, torsdagar kl. 12.30 – 15.00 frå 19. oktober til 23. november i Selje. Vi planlegger for kursrekker 2 ganger i året, annankvar gang i Selje og på Nordfjordeid.Kjenner du nokon som dette kan vere interessant for? Ta kontakt med Frisklivssentralen.
Sjå vedlagt flyer for meir informasjon.003_Folder Hverdagsglede med godkjente bilder
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.