-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Bli med som frivillig på tur til Lynghaughornet eller Naustdalkamben torsdag 22. juni
Opplæring- og integreringstenesta i Stad kommune lurer på om der er nokre frivillige som har lyst til å vere med på tur i morgon 22. juni anten til Lynghaughornet på Flatraket eller på Naustdalkamben mellom Haugen og Stårheim. Interesserte kan melde seg ved å sende SMS til Gro Iren på tlf. 45601266. Bli med då vel!Oppmøte for turen til Lyngshaughornet er ved Jokerbutikken på Flatraket kl. 09.30.
Oppmøte for tulren til Naustdalkamben er på Reset mellom Remmedalen og Hjelmelandsdalen kl. 09.20.
Møt kjekke nye folk på flotte turar i den alle finaste naturen. Meld deg som frivillig til Gro Iren i dag på tlf. 45601266.
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: