-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Eid Røde Kors treng frivillige turleiarar til Til topps 2023!
SJÅ HER ALLE SOM ER GLADE I Å GÅ PÅ TUR! Eid Røde Kors har heile 70 påmelde fleirkulturelle eidarar som skal vere med på fjellturen TIL TOPPS 2023- laurdag 17. juni. Det er heilt fantastisk respons!!!! No treng dei 10-15 frivillige som kan vere turleiarar. Avreise frå Nordfjordeid truleg i 8-9 tida om morgonen til Gloppen og aktiviteten varer heile dagen. I Gloppen går turen anten i Trivselskogen eller til toppen av fjellet Svinestranda som ligg 1074 meter over havet. Interesserte melder seg til: Svein Rune Myklebust tlf. 91593138 , epost: svein.rune@myklebust.netFrivillige lagleiarar
Deltakarar på turen blir delt opp i lag med fire deltakarar og ein lagleiar. Lagleiarne er frivillige med erfaring med å gå i fjellet. Dei skal vere motivatorar og sikre at deltakarne føler seg ivaretekne og trygge, og har har det dei treng av utstyr, mat og drikke. Lagleiaren syt for at deltakarane får informasjonen dei treng og er budde til turen. På familierunden i Trivselskogen skal også frivillige bli med deltakerne, men det stilles mindre krav til tal deltakarar per lagleiar.
Oppgåvene til lagleiar:
Registrerer laget i sekretariat før avgang.
Halde turlaget samla under turen.
Passe på at ingen i turlaget vert sende aleine ned til startpunktet dersom dei ikkje orkar å fullføre turen.
At turdeltakarar med hjarte-/lungesjukdommar, epilepsi eller sukkersjuke (diabetes) har med naudsynte medisinar.
At alle deltakarane tek omsyn til naturen, og tek med boss attende.
Registrere laget i sekretariat ved retur.
Dette vert ein uforgløymeleg dag! Interesserte melder seg altså til: Svein Rune Myklebust tlf. 91593138 , epost: svein.rune@myklebust.net
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: