-
Fårikålens Festdag
Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2023. Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar hat hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Det er ope for søknader og søknadsfristen er 1. september.Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søke på ordninga.
Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det søkast om kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2023. Dette gjeld også dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.
Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon.
Det kan søkast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.
De finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida vår:
Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift. Her ligg også informasjon om oppdateringar de må vite om i 2023.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.