-
💚 Folkehelseundersøkinga 2026 💚
💛 16. april 2026 blir eit utval av innbyggjarane i Vestland over 18 år inviterte til å delta i folkehelseundersøkinga. 📲 Undersøkinga er nettbasert og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post. ⁉️Treng du digital rettleiing for å kunne svare på undersøkninga? Både biblioteket og Eid Frivilligsentral står klare til å hjelpe deg! 😀 Vi kan ikkje hjelpe deg med svara, men hos oss kan du låne ein pc eller få rettleiing om korleis du loggar deg inn på Helse Norge.
Kleinnsamling/humanitær hjelp til Ukraina
Den flotte dugnadsgjengen med Galyna Gokdere i spissen, held fram innsamling av kle og sko i veke 21 og 22. Det er nye og pent brukte kle og sko til barn, dame og herre som vert samla inn. Innsamlingsstad - Møteplassen i Eidsgata 9. Tider for innsamling er annonsert nedanfor. Nedanfor er det også lista opp aktuelle produkt som er etterspurte og som dugnadsgjengen tek imot.Mottak vil være i Eidsgata, 9 på Møteplassen (Gamle Narvesen) på desse tidspunkta:
Onsdag 24.05.23 - 16:00-19:00
Torsdag 25.05.23 - 16:00-19:00
Fredag 26.05.23 - 16:00-19:00
Onsdag 31.05.23 - 16.00-19.00
Aktuelle produkt som også kan donerast:
Mat med lang holdbarhet. Tørket mat og hermetikk, nøtte- og proteinbarer, tørket frukt, pasta, supper, pureer, kondensert melk og søtsaker. Baby-mat (måltider). NB: Ikke glass. Husholdningsprodukter som soveposer, liggeunderlag, tepper og puter. Hygieneprodukter som tannbørster og -pasta, såpe, sjampo, våtservietter, bleier, bind og tamponger. Medisiner i form av plaster, bandasjer, sårvask og sterile kompresser.
Innsamling, sortering og frakt vert utført av ukrainske kvinner.
På førehand takk for hjelp og bidrag.
Har du spørsmål: Kontakt Galyna Gokdere tlf. 93925627
Del på:
-
Hurraaaa - Endelig er Eid Frivilligsentral på Instagram
Bedre seint enn aldri! No kan du følgje Eid Frivilligsentral både på Facebook og Instagram. Du finn lenkjer nedanfor. Følg oss gjerne - vi har mykje spennande på gang.
-
Vil du vere frivillig på opplæring og integrering sin julefest i Valhall 29.12.2025?
Opplæring og integrering skal i år arrangere julefest i Valhall måndag 29.12. frå klokka 15.00-18.00 . Dei ønskjer seg frivillige som kan vere ilag med dei denne dagen, gjerne frå klokka 14.00/14.30.
-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!
-
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek enno meir form. Oppdatering flyttesjau del 3
Vi lova eigentleg ei oppdatering i veke 46, men det er enno betre med ei veke 47 oppdatering. Biblioteket er ferdige med stengeperioden sin (veke 45 og 46), og er no i god drift att. Det er snekra og mala og meir skal det bli. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral har "husa" sit første offisielle møte i regi av ein frivillig organisasjon.