-
Fårikålens Festdag
Stadven - Inkluderingskontakt for nye innbyggjarar
Når ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitane, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt, og melde i frå om du har behov for ein Stadven. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (foto: Sigve Rasmussen)Meld deg som frivillig her:
Aldersgruppe: For alle
Når du melder deg vil du bli kontakta og få meir informasjon. Og vi legg ein liten plan ilag ut i frå dine ynskjer og behov. Og deretter blir ein kobla / matcha med nokon som treng ein Stadvenn.
Det er og viktig at du som frivillig fortel oss dine interesser, kompetanse, kva du vil bidra med. Dette skriv du i kommentarfeltet. Ta kontakt på tlf.: eller e-post om du har spørsmål. Dei frivillige kan både vere organisert i ein eksisterande foreining, og som eigenorganisert frivillig.
Det vil komme meir info om kva ein kan bidra med/kva behovet er.
So langt veit vi at det gjeld både
-nokon å gå tur med,
-nokon som kan vise rundt, fortelje om kva som er av frivillige organisasjonar, aktivitetstilbod m.m. ,
-digital hjelp,
- leksehjelp
-praktisk hjelp som til dømes klargjering av bustadar med meir.
-transport og bistand til ulike avtalar,
-språk / kultur
Ein vil kunne melde seg til eit konkret oppdrag, men og mulig å følgje opp ein person/ein familie. Her med tett dialog og samarbeid med frivilligsentralane som igjen har god kontakt og samarbeid med integreringstenesta og andre frivillige.
Alle frivillige som melder seg vel sjølv kva dei kan bidra med og kor mykje.
Ein vil skrive under taushetsplikt og i nokre tilfeller vil det vere krav om politiattest.
Kort sagt: Vi engasjerer frivillige til å vere Stadvenn som
- styrker kontakten mellom mennesker på tvers av generasjoner og kulturer
- bidra til at ein blir fortare kjend med tilbod og aktivitetar i lokalsamfunnet
- hjelp og støtte til utfordringar innan språk, avtalar og system/digitalt.
- praktiske gjermål i førebuinga av bustadar
Frivilligsentralen formidlar kontakt mellom dei som ønskjer å bistå andre og dem som ønsker/treng å motta frivillig innsats.I tett samarbeid og dialog med integreringstenesta.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.