-
Fårikålens Festdag
Bli med på innbyggjartreff og ALLEMED-dugnad 3. sept!
Laurdag 3. september inviterer Stad kommune og Frivilligsentralane lag, org. og innbyggjarar til treff i Operahuset Nordfjord kl. 14.00 - 16.00! Bli kjende med frivillige lag og organisasjonar/fritidsaktivitetar i Stad, kakefest, gratis kino m.m. På føremiddagen same dag inviterer vi til ALLEMED-dugnad. Lag og organisasjonar som stiller med stand på innbyggjartreffet og som deltek på ALLEMED-dugnaden må melde seg på. Elles er det ope hus på Innbyggjartreffet!Alle som vil vere med på ALLEMED-dugnaden og frivillige organisasjonar som vil stille med stand og aktivitetar på innbyggjartreffet melder seg på her.
Arrangementet er ein del av kommunen/frivilligsentralane sin aktivitetsplan under "Frivillighetens år 2022", og eit av tiltaka under Stad kommune si frivilligpolitiske plattform for 2021-2023. Formålet med arrangementet er å synleggjere og informere innbyggarane om mangfaldet av lag og org. i Stad kommune, bli betre kjend med kvarande på tvers av kommunen, bli kjend med kommunen sitt arbeid, tilbod og tenester. - Og ikkje minst gje nye og gamle innbyggjarar ein kjekk aktivitetsdag for små og store!
Eit viktig punkt på årets program er ALLEMED - ein tverrfagleg dugnad mellom kommune, frivillige, andre aktivitetstilbydarar, ungdom og foreldre der vi saman brukar dialogverktøyet ALLEMED for å skape diskusjon, bevisstgjering og å finne løysningar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med i fritidsaktivitetar .
ALLEMED - dugnaden vert gjennomført i Operahuset Nordfjord laurdag 3. september kl. 10.00 - 12.30. Det vert servert lunsj (pizza) til alle som deltek!
Alle som vil vere med på ALLEMED-dugnaden og frivillige organisasjonar som vil stille med stand og aktivitetar på innbyggjartreffet melder seg på her.
Velkomne til ein lærerik, spennande og triveleg dag i Operahuset Nordfjord!
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.