-
Fårikålens Festdag
Utlysing av Sommarhjelpjobbar 2022
Eid Frivilligsentral og Selje Frivilligsentral har vore så heldige å få tildelt kr. 300.000,- frå Gjensidigestiftelsen til å kunne tilsette Sommarhjelper også i 2022. Ei sommarhjelp er ein ungdom mellom 14 og 20 år med folkeregistrert adresse i Stad kommune. Sommahjelpene dette året skal fortrinnsvis skape sommarmøteplassar for andre born/unge. Sommarhjelpene får tariffløn frå Stad kommune. No lyser vi ut stillingane. Søknad skjer på elektronisk skjema. Søknadsfrist er fredag 10. juni.Vi tilbyr minst 20 ungdomar betalt sommarjobb i 1-3 veker i sommar. Arbeidstid 6 timar pr. dag hovudsakleg måndag til fredag.
Sommarhjelpene skal skape sommarmøteplassar for born/ungdom i BUA EId/Selje og på sosiale møtestader.
Sommarhjelpjobbar i helse- og omsorg og andre stader i Stad kommune kan også bli aktuelt. Her ventar vi på svar på nokre andre prosjektsøknader før vi veit sikkert om det blir.
Arbeidsstadar for sommarhjelpjobbane er Nordfjordeid og Selje.
Du som søkjer:
- er ein ungdom som er fødd mellom 2002 - 2008 (14-20 år) og har folkeregistrert adresse i Stad kommune.
- er ein ungdom som er pliktoppfyllande, kan følgje dei reglar og rutiner som er sett for jobben og møter presis.
- er ein ungdom som er kreativ, serviceinnstilt, likar å organisere aktivitetar og likar å bli kjend med og prate med nye folk.
- vil få god opplæring og oppfølging dersom du får tilbod om jobb.
- må lage ein CV når du søkjer.
Søknadsfrist er fredag 10. juni.
Du må bruke digitalt søknadskjema for å kunne søkje sommarhjelpjobb. Søknadskjema finn du her:
Digitalt søknadsskjema - Sommarhjelp 2022
CV-kurs:
Dersom du ikkje veit kva ein CV er eller korleis du skriv ein CV, så arrangerer vi 2 CV-skrive kurs på Teams. Alle som vil søkje på sommarjobbprosjektet til Eid og Selje Frivilligsentralar/ Gjensidigestiftelsen/ Stad kommune må lage ein CV for å kunne søkje jobb.
Vi tilbyr difor to gratis digitale kurs i å skrive ein god CV.
Målgruppe: Ungdom i Stad kommune mellom 14 og 20 år
Tidspunkt for kursa er:
Måndag 30/5 kl. 17.00 - 18.00 Klikk her for å delta
Tysdag 7/6 kl. 17.00 – 18.00 Klikk her for å delta
Tema vi er innom:
- Kva er ein CV?
- Kva er forskjellen mellom ein jobbsøknad og ein CV?
- Korleis skriv du ein god CV?
- Kva er og gjer ein referanse?
Kurshaldar: Berte Eidsvåg Eldevik, jobbspesialist i NAV Stad
Dette er ein time der du kan lære mykje som du garantert får bruk for!
Del på:
-
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om ny forskrift for spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet
Viktig melding til alle som jobbar med søknader om spelemidlar. Webinar om ny forskrift 17. september og 18. september. Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om den nye forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.