-
Fårikålens Festdag
Gratis busstur til Selje Prestegard for heimebuande eldre 8/7
Frivilligsentralen i samhandling med Eid Røde Kors Omsorg og Orheim Turbuss inviterer heimebuande eldre til gratis dagstur til Selje prestegard, torsdag 08.07.21. Påmelding innan 07.07. kl. 12.00 til Frivilligsentralen v/ Astrid Grete Torheim 41460042. Avreise frå Eid Idrettshus kl. 10.00. Dersom nokon ynskjer å gå på bussen t.d. på Haugen/ Stårheim/ Kjølsdalen/ Bryggja så må det avtalast tidspunkt og stad for henting nær RV15. Retur til Nordfjordeid ca. kl. 16.00Det vert:
Gratis lunsj på Selje prestegard
Kulturinnslag
Høve til å sjå St. Sunnivautstillinga på kommunehuset i Selje
Høve til å spasere på Seljesanden
Det er 20 tilgjengelege plassar, og påmelding skjer med «første mann til mølla prinsipp» og fortløpande til
Frivilligsentralen v/ Astrid Grete Torheim (astrid.grete.torheim@stad.kommune.no / mobil 41460042) innan 07.07.21 kl. 12.00.

Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.