-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Svar til dei som har søkt sommarhjelp jobbar kjem i veke 26
Ungdomane i Stad har virkelig lyst til å jobbe i sommar!!!! Vi fekk inn heile 74 søknader til dei 20 sommarhjelp-jobbane våre. No har vi gjort 2 ting. Vi har lest alle søknadane, og vi har prøvd å sjå om vi kan lage til nokre sommarhjelp-jobbar til. Det er årsaka til at det har teke litt lenger tid. Det blir tilsetting måndag eller tysdag i veke 26. I løpet av onsdag vil alle ha fått svar på søknaden sin.Ved gjennomgang av søknadane er vi heilt overvelda over kor flinke ungdomane mellom 14 - 20 år er både å skrive CV og presentere seg sjølv. Vi vil ikkje ha jobb til alle, sjølv om vi gjerne kunne ønskje oss det, men til dei som ikkje får jobb: Ikkje gi dokke! Prøv igjen - du vil lukkast til slutt.
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: