-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
VELKOMEN til digitalt møte for lag og org.
Stad kommune og Frivilligsentralen vil invitere alle lag og organisasjonar i Stad til digitalt møte tysdag 15. juni kl 19.00-20.30. Vi vil informere om saker vi arbeider med som kan vere viktige for deg og ditt lag. Vi har sett av tid til spørsmål og tema du ønskjer å ta opp.Klikk her for å bli med i møte: Digitalt møte for lag og org i Stad kommune 15 juni 2021
Tema vi vil kome innom på møtet er:
Del 1.
Orientering om korleis søke på årets kulturmidlar
Stad sommarskule 2021
Den samskapande kommunen:
- Urbant landbruk
- Eit meiningsfullt og aktivt liv
Aktivitetar til born og unge
Del 2.
Frivilligråd/frivilligforum
Sommarjobb for ungdom
Frivilligpolitisk plattform
Frivilligåret 2022
Aktivitetar til eldre
Spørjetime
Velkomen – møtet er ope for alle interesserte!
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: