Sommarjobb for deg mellom 14 og 20 år!

Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftelsen tilbyr inntil 20 ungdomar betalt sommarjobb i 2 veker i sommar. Arbeidstid 6 timar pr. dag måndag til fredag.

Arbeidsstader: Nordfjordeid og Selje

Dette er dei ulike jobbane du kan søkje på:

  • Sommarhjelp innan helse og sosial
  • Sommarhjelp i BUA og på sosiale møtestader
  • Sommarhjelp i stimerking/friluftsliv

    Du som søkjer:
  • er ein ungdom som er fødd mellom 2001 - 2007 (14-20 år) og har folkeregistrert adresse i Stad kommune 
  • er ein ungdom som er pliktoppfyllande, kan følgje dei reglar og rutiner som er sett for jobben og møter presis
  • er ein ungdom som er serviceinnstilt likar å bli kjend med og prate med folk 
  • vil få god opplæring og oppfølging dersom du får tilbod om jobb
  • må lage ein CV når du søkjer. - Bli med på CV-kurs på Teams 14. og 17. juni kl. 18.00-19.00

Søknadsfrist: måndag 21. juni.

Oppstart frå veke 26.

Les meir om sommarjobbprosjektet vårt og søk jobb her: https://stad.kommune.no/nyhende/sommarjobb-for-deg-mellom-14-og-20-ar.8179.aspx 

2026 © Eid frivilligsentral