-
Fårikålens Festdag
Felles 8. mai-markering på Nordfjordeid
Stad, Stryn og Gloppen kommune inviterer saman med Eid Røde Kors til ei felles markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen 2021 på den gamle Eksersisplassen på Nordfjordeid (Malakoff).- Vi vil spesielt invitere alle veteranar frå Forsvaret sine internasjonale operasjonar til markeringa, seier leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Stad, Alfred Bjørlo.
Arrangementet blir strøyma på nett, men det er også høve for dei som ønskjer det å møte opp fysisk på Eksersisplassen laurdag 8. mai kl 18. Det blir taler og kulturelle innslag, og det vil bli lagt ned blomar på minnesmerket "Sørgande Mor" til minne om falne frå Nordfjord i andre verdskrigen. Eid Musikklag og Eid
Ungdomskor deltek.
Her er lenka til livesendinga på Facebook: https://www.facebook.com/events/133542355470873?ref=newsfeed
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.