-
Fårikålens Festdag
Webinar for lag og organisasjonar 5. mai kl.: 18:00
I lys av den svært uvanlege situasjonen vi står oppe i, ønskjer Stad kommune å bidra med nyttig og praktisk informasjon for lag, organisasjonar og aktivitetstilbydarar innan frivilligheit, kultur og idrett. Vi inviterer til eit webinar der vi vil sjå nærare på: - gjeldande reglar og retningslinjer som påverkar dine aktivitetar. - tilskots- og kompensasjonsordningar. - alternative måtar å drive aktivitet på.Webinaret er gratis og vil foregå som ei livesending på Stad kommune si Facebook-side.:
https://www.facebook.com/events/2317177991925267/
Har du spørsmål du ynskjer svar på? Send dei gjerne i førekant til frivillighjelp@stad.kommune.no. Vi samlar opp og svarer undervegs i webinaret. Du kan og stille spørsmål undervegs i sendinga.
Agenda for møtet:
- Velkomen og praktisk informasjon v/ kultursjef Geir Holmen
- Kva har vi lov å gjere? Informasjon om gjeldande retningslinjer ved kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld
- Kva kan vi løyse saman? v/ ordførar Alfred Bjørlo
- Tilskots- og kompenasjonsordningar v/ Arild Vonheim
- Korleis organisere aktivitetane våre i koronatider? Frivilligsentralane presenterer gode eksempel frå Bygda Yogaskule, Eid Hagelag m.fl.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.