-
Fårikålens Festdag
Eid kyrkjelege fellesråd treng fleire frivillige til HalloVenn
Kvart år arrangerer Eid kyrkjelege fellesråd og kyrkjelydane i Eid, Kjølsdalen og på Stårheim HalloVenn i Eid Idrettshus om kvelden 31. oktober. Dei er godt i gang med planlegginga av arrangementet i år, men dei treng framleis nokre fleire frivillige til å hjelpe til. Er det nokon som kan tenkje seg å bidra med 3 timar dugnad denne torsdagskvelden?HalloVenn er eit aktivitetstilbod til born og familiar, med open idrettshall pakka med aktivitetar. Der vert hoppeslott, energispel, labyring og masse godteri. Du kan kle deg ut eller kome som du er. For å dette flotte arrangementet til å gå rundt treng dei nokre frivillige til.
Kan du tenkje deg å vere med å hjelpe til, så ta kontakt med Jakob på tlf. 40 52 96 33, eller Marta på tlf. 57861755/epost: Marta.Jenny.Elvebakke@eid.kommune.no.
Bli med, bli med!
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.