-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
Ane Barmen til FredagsForfattar 25. oktober
Fredag 25 oktober er det vågsøyværingen Ane Barmen som er FredagsForfattar på Kringla Eid Frivilligsentral. Ane Barmen er høgaktuell med sin første roman "Draumar betyr ingen ting". Boka kom ut tidlegare i haust på Gyldendal forlag, og er blitt svært godt motteken. I desse dagar deltek forfattaren på den store bokmessa i Frankfurt.Ane Barmen er 34 år, opprinneleg frå Vågsøy men no busett i Oslo. Ho er skribent og skodespelar. Dei siste åra har det vore mykje skodespel og innlesing av lydbøker som har prega arbeidskvardagen. Men no har ho gitt ut debyromanen sin, og vi gledar oss stort til å høyre om korleis denne kritikarroste romanen har blitt til.
Arrangørane Eid Folkeakademi og Eid Frivilligsentral ønskjer alle vel møtt til ein triveleg, spennande og lærerig helgestart på Kringla Eid Frivilligsentral. Som vanleg vert det sal av kaffi og kake og lynlotteri.
Dersom de har lyst å lese meir om Ane Barmen, så finn de ein spennande artikkel om henne på nettstaden framtida.no:
Bokdebutant Ane Barmen om å vere 17 år og kjenne seg åleine i sorg
Del på:
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.
-
Sommarjobb for deg over 20 - Arbeidsleiarar for sommarhjelp
Stad kommune søkjer etter to arbeidsleiarar for sommarhjelpane våre (ungdom mellom 14 og 18). Begge stillingane er 80 %. Ei stilling er i Selje og den andre på Nordfjordeid. Arbeidet skal utførast i perioden 01.07.2026 - 04.08.2026. Arbeidstid er måndag - fredag, seks timar kvar dag. Start- og sluttidspunkt kan variere etter avtale.
-
Sommarhjelp for sommarmøteplassar 2026 - SØKNADSFRIST 7. juni 2026
Frivilligsentralane i Stad kommune med støtte frå Gjensidigestiftinga og BUFDIR tilbyr 2 vekers sommarjobb for 10 ungdommar i Stad kommune født 2012-2008. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: