-
Flytting av Eid Frivilligsentral - statusoppdatering
Frå 01.01.2026 vil Eid Frivilligsentral og alle dei aktivitetane som tidlegare har vore på Kringla og Møteplassen i Eidsgata 9 verte å finne saman med Stad Bibliotek i Sophus Lie - vegen 3 (Operahuset Nordfjord). Allereie no har Eid Frivilligsentral fast kontordag der tysdag og torsdag, og du er hjerteleg velkomen innom både der og i Eidsgata 9 dei andre vekedagane. I denne nyhendesaka kan du følgje arenautviklingsprosjektet og ommøbleringa i biblioteket steg for steg framover til eit spennande formidlings og aktivitetslokale med stort potensiale!
Meld deg på til: «Treffpunkt» Frivillig i Stad. Bryggja Grendahus - tysdag 3. september frå kl. 17.30 - 21.00
Korleis søke spelemidlar og andre tilskot til ditt lag? Tysdag 3. september inviterer Stad kommune til samling for lag og organisasjonar som ønskjer oppdatert kunnskap om korleis søkje midlar til å byggje idretts- og nærmiljøanlegg, oppgradere leikeareal og modernisere kulturbygg/forsamlingslokale m.m. Vi stiller med knallgode innleiarar og mat, og håpar mange vil vere med oss denne tysdagskvelden. Stad kommune har som mål å rigge eit sterkt fellesskap mellom de som driv frivillig arbeid og gjer tunge dugnadsløft i heile Nordfjord. Gjennom å bli kjende og dele kunnskap kan vi lettare løfte oss i lag! Målgruppe: Tillitsvalde i idrettslag, friluftsorganisasjonar, frivillige organisasjonar som driv forsamlingshus/grendahus, FAU ved skular og andre interesserte. Arrangementet er ope for deltakarar frå heile Nordfjord.Kom å bli med oss på ein lærerik tysdagskveld. Fyll ut påmeldingskjema nedanfor!
Del på:
-
Nytt og nyttig for frivillige i Stad - Nyhendebrev nr. 4/2025
Nyhendebrev nr. 4/2025 - Nytt og nyttig for frivillige i Stad er sendt ut til lag og organisasjonar i Stad 09.10. Gjennom Stad Foreningsportal.
-
Det er liv og røre på Eid Frivilligsentral frå føremiddag til kveld - Dette skjer i veke 41
Kvar dag utanom søndag vil det vere aktivitet på Kringla - Eid Frivilligsentral og Møteplassen her i Eidsgata 9. Vi minner om at flytting av aktivitetar til biblioteket i Operahuset Nordfjord ikkje skjer før i 2026. Velkomne til å bli med på superkjekke aktivitetar. I tillegg til dei vi omtaler her, så har frivillige lag og organisasjonar mange kjekke aktivitetar rundt om i heile kommunen.
-
Lær deg å bruke Stad Foreningsportal og Tilskuddsportalen - book eit minikurs når det passar for deg!
Dette er eit tilbod til alle frivillige organisasjonar som føler dei treng litt hjelpe til å kome igang med å marknadsføre seg på Stad Foreningsportal og/eller treng hjelp til å bruke Tilskuddsportalen. Ta kontakt med Eid Frivilligsentral og book eit lite minikurs i foreningsportal/tilskuddsportal. Vi avtaler tid og stad som passar deg. Det er sjølvsagt heilt gratis. Kontakt Frivilligsentralen på tlf. 41460042, eller på epost: post@eid.frivilligsentral.no .
-
SeniorQuiz