-
💚 Folkehelseundersøkinga 2026 💚
💛 16. april 2026 blir eit utval av innbyggjarane i Vestland over 18 år inviterte til å delta i folkehelseundersøkinga. 📲 Undersøkinga er nettbasert og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post. ⁉️Treng du digital rettleiing for å kunne svare på undersøkninga? Både biblioteket og Eid Frivilligsentral står klare til å hjelpe deg! 😀 Vi kan ikkje hjelpe deg med svara, men hos oss kan du låne ein pc eller få rettleiing om korleis du loggar deg inn på Helse Norge.
Veke 11 - mykje kjekt å glede seg til denne veka!
Det er måndag, og veke nr. 11 i 2019 er godt i gang. Det er mange kjekke aktivitetstilbod du kan vere med på her på Eid Frivilligsentral også denne veka.Bli med på tur (Indre Nordfjord Diabeteslag). Eksersisplassen - Måndag kl. 17.30 og torsdag kl. 10.00.
Tysdagskafèen til Eid Pensjonistlag. Eid Frivilligsentral - Tysdag kl. 11.00 - 14.00.
Kulturmøte om Belgia. Eid Bibliotek Tysdag kl. 18.00
Fleirkulturell damegruppe/Strikkegruppa. Eid Frivilligsentral - Onsdag kl. 13.45 - 15.15.
Trim for alle (LHL). Eidahallen - Onsdag kl. (15.45) 16.00 - 17.00
Torsdagskafè på Elvebøen. Fellesarealet på Elvebøen - Torsdag kl. 11.30 - 13.30.
Seniornett kurs -Windows 10 (Seniornett Eid). Eid Frivilligsentral - Torsdag kl. 11.00 - 13.00
Seniornett surfekafè (Seniornett Eid). Eid Frivilligsentral - Torsdag kl. 13.00 - 15.00
Internasjonal kafè (Eid Røde kors omsorg) - Torsdag kl. 18.00 - 20.00
Sittedans. Hogatunet bu- og behandlingssenter - Fredag kl. 10.30 - 11.00
Sittedans. Eid Eldretun - Fredag kl. 11.15 - 11.45
Laurdagskafè. (Eid Røde kors omsorg). Eid Frivilligsentral - Laurdag kl. 11.00 - 14.00.
I tillegg er middagskøyrarane ute på oppdrag kvar einaste dag. I dag har vi vore vertskap for nettverksgruppa for Frivilligsentralane i Nordfjord. Dagleg leiar deltek både på møte om nytt Eid Inviterer magasin og planleggingsmøte for Cruiseday denne veka.
Vi minner om at du kan låne gratis aktivitetsutstyr på BUA Eid (BUA har ope måndag - fredag. Meir informasjon her: https://www.bua.io/utlansordninger/bua-eid
Følg oss også på facebook https://www.facebook.com/eidfrivilligsentral/
Har du spørsmål til oss, eller ønskjer å vere med på ein aktivitet: Ring 41460042 for ein prat eller kom innom oss i Eidsgata 9.
Del på:
-
Hurraaaa - Endelig er Eid Frivilligsentral på Instagram
Bedre seint enn aldri! No kan du følgje Eid Frivilligsentral både på Facebook og Instagram. Du finn lenkjer nedanfor. Følg oss gjerne - vi har mykje spennande på gang.
-
Vil du vere frivillig på opplæring og integrering sin julefest i Valhall 29.12.2025?
Opplæring og integrering skal i år arrangere julefest i Valhall måndag 29.12. frå klokka 15.00-18.00 . Dei ønskjer seg frivillige som kan vere ilag med dei denne dagen, gjerne frå klokka 14.00/14.30.
-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!
-
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek enno meir form. Oppdatering flyttesjau del 3
Vi lova eigentleg ei oppdatering i veke 46, men det er enno betre med ei veke 47 oppdatering. Biblioteket er ferdige med stengeperioden sin (veke 45 og 46), og er no i god drift att. Det er snekra og mala og meir skal det bli. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral har "husa" sit første offisielle møte i regi av ein frivillig organisasjon.