-
Fårikålens Festdag
Veke 6 - mykje kjekt å glede seg til denne veka!
Det er måndag, og veke nr. 6 i 2019 er godt i gang. Det er mange kjekke aktivitetstilbod du kan vere med på her på Eid Frivilligsentral også denne veka.Bli med på tur (Indre Nordfjord Diabeteslag). Eksersisplassen - Måndag kl. 17.30 og torsdag kl. 10.00.
Tysdagskafèen til Eid Pensjonistlag. Eid Frivilligsentral - Tysdag kl. 11.00 - 14.00.
Fleirkulturell damegruppe/Strikkegruppa. Eid Frivilligsentral - Onsdag kl. 13.45 - 15.15.
Trim for alle. Eidahallen - Onsdag kl. (15.45) 16.00 - 17.00
Torsdagskafè på Elvebøen. Fellesarealet på Elvebøen - Torsdag kl. 11.30 - 13.30.
Seniornett kurs -Microsoft Office (Seniornett Eid). Eid Frivilligsentral - Torsdag kl. 11.00 - 13.00
Seniornett surfekafè (Seniornett Eid). Eid Frivilligsentral - Torsdag kl. 13.00 - 15.00
Internasjonal kafè (Eid Røde kors omsorg) - Torsdag kl. 18.00 - 20.00
Sittedans. Hogatunet bu- og behandlingssenter - Fredag kl. 10.30 - 11.00
Sittendans. Eid Eldretun - Fredag kl. 11.15 - 11.45
Laurdagskafè. (Eid Røde kors omsorg). Eid Frivilligsentral - Laurdag kl. 11.00 - 14.00.
I tillegg er middagskøyrarane ute på oppdrag kvar einaste dag. Dagleg leiar deltek både på møte om nytt Eid Inviterer magasin og planleggingsmøte for Cruiseday denne veka. I tillegg driv vi og utformar ein søknad om midlar til Gruppeutveksling til sommaren. Planen er å invitere 20 ungdomar frå 4 land (inkludert Noreg) til ei spennande sommarveke på Nordfjordeid.
EVS volontørane våre Julie, Gazi og Yannick er i Oslo på midtårsseminar denne veka.
Vi minner om at du kan låne gratis aktivitetsutstyr på BUA Eid (. BUA har ope måndag - fredag. Meir informasjon her: https://www.bua.io/utlansordninger/bua-eid
Følg oss også på facebook https://www.facebook.com/eidfrivilligsentral/
Har du spørsmål til oss, eller ønskjer å vere med på ein aktivitet: Ring 41460042 for ein prat eller kom innom oss i Eidsgata 9.
Del på:
-
Vil du bli Digihjelpar?
Kan du litt om digitalt? Då kan du hjelpe mykje!
-
Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 15. oktober 2026
Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet? NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26
-
Hørselskafèane hausten 2026
Måndag 24.08.2026 er det sesongstart for Høyrselskafèane til Høyrselsforbundet Eid-Hornindal-Stryn her på Eid Frivilligsentral i Sophus Lie vegen 3. Høyrselskafèen er eit uformelt og sosialt tilbod for deg som har nedsett høyrsel - eller berre ønskjer å vite meir. Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei øvrige datoane for høyrselskafè er måndag 21.09., måndag 19.10. og måndag 16.11.
-
Nyhendebrev 2 - 2026 Nytt og nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Stad kommune
Nedanfor finn du er nyhendebrev 2 - 2026. Det kan du m.a. lese om Helse i kvardagen: 60+ - infomøte 8. juni kl. 17.00 i operahuset Nordfjord. Du finn informasjon om korleis du søkjer momskompensasjon og dei nye reglane som er innført der.