-
💚 Folkehelseundersøkinga 2026 💚
💛 16. april 2026 blir eit utval av innbyggjarane i Vestland over 18 år inviterte til å delta i folkehelseundersøkinga. 📲 Undersøkinga er nettbasert og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post. ⁉️Treng du digital rettleiing for å kunne svare på undersøkninga? Både biblioteket og Eid Frivilligsentral står klare til å hjelpe deg! 😀 Vi kan ikkje hjelpe deg med svara, men hos oss kan du låne ein pc eller få rettleiing om korleis du loggar deg inn på Helse Norge.
FredagsForfattar med Dagfred Berstad
Fredag 1. februar starta vi opp det fjerde året med FredagsForfattar. Og det var Dagfred Berstad frå Ervik på Stadlandet som var dagens forfattar. Han tok oss med på ei spennande reise attende til vikingtida og historia om Ragnvald Raud. Han var også innom kyrkjesoga i Selje, krigshistorie og mykje meir.Det vart ein god prat rundt bordet om tema og historie som bind nye Stad kommune saman. Både vikinghistoria og kyrkjehistoria gjer det. Visste du t.d. at Nordfjordfæringen var båttypen som lokalbefolkninga i Ervik nytta då dei berga mange av passasjerane frå forliset til hurtigruta St. Svitun under 2. verskrigen? Det vart ein spennande ettermiddag for dei frammøtte på Kringla Eid Frivilligsentral på fredag.
Eid Folkeakademi arrangerer FredagsForfattar saman med Eid Frivilligsentral. Det er utrulig kor mange i Nordfjordregionen som vågar å skrive og publisere det dei skriv. Vi har klart å fylle 3 sesongar med forfattarar, og er no godt i gang med den fjerde. Vi er heilt imponert. Det er like spennande kvar gong vi får forfattarbesøk.
Tusen takk til alle som tipsar oss om forfattar. Veit du om nokon, så tips oss på post@eid.frivilligsentral.no . Takk også til Aud som stilte med kjempegod kake til arrangementet. Neste forfattar ut fredag 1. mars er Magnus Helge Torvanger, som i 2018 ga ut boka "Der havbåra bryt. Fiskerisoge frå Bremanger". Vel møtt!
Del på:
-
Hurraaaa - Endelig er Eid Frivilligsentral på Instagram
Bedre seint enn aldri! No kan du følgje Eid Frivilligsentral både på Facebook og Instagram. Du finn lenkjer nedanfor. Følg oss gjerne - vi har mykje spennande på gang.
-
Vil du vere frivillig på opplæring og integrering sin julefest i Valhall 29.12.2025?
Opplæring og integrering skal i år arrangere julefest i Valhall måndag 29.12. frå klokka 15.00-18.00 . Dei ønskjer seg frivillige som kan vere ilag med dei denne dagen, gjerne frå klokka 14.00/14.30.
-
Frivillighetens dag 5.desember
Den 5.desember er det Frivillighetens dag – ei markering og ein stor takk til alle som gjer lokalsamfunnet levande!
-
Nye Eid Frivilligsentral og Stad bibliotek - hovudbiblioteket tek enno meir form. Oppdatering flyttesjau del 3
Vi lova eigentleg ei oppdatering i veke 46, men det er enno betre med ei veke 47 oppdatering. Biblioteket er ferdige med stengeperioden sin (veke 45 og 46), og er no i god drift att. Det er snekra og mala og meir skal det bli. Aktivitetsrommet til Eid Frivilligsentral har "husa" sit første offisielle møte i regi av ein frivillig organisasjon.