Frivilligpolitisk plattform er vedteken

Torsdag 15. mars vedtok Kommunestyret i Eid Frivilligpolitisk plattform for Eid kommune 2018-2021. Dette er blitt eit kortfatta og lettlest dokument med viktige prinsipp, verdiar, forankringar og tiltak for Eid kommune som tilretteleggar for frivillig arbeid. Det er også blitt eit godt dokument for framtidig samarbeid og samskaping mellom Eid kommune og frivillige.

 
Torsdag 15. mars vedtok Kommunestyret i Eid Frivilligpolitisk plattform for Eid kommune 2018-2021. Dette er blitt eit kortfatta og lettlest dokument med viktige prinsipp, verdiar, forankringar og tiltak for Eid kommune som tilretteleggar for frivillig arbeid. Det er også blitt eit godt dokument for framtidig samarbeid og samskaping mellom Eid kommune og frivillige. 

Ei frivilligpolitisk plattform forpliktar kommunen og gagnar dei frivillige. Når dokumentet gagnar dei frivillige så gagnar det også Eid kommune. Plattforma er også  i våre auge eit lite kinderegg.

1. Det handlar om korleis kommunetilsette, politikarar og alle andre skal forstå frivillig arbeid.
Då er det eit grunnprinsipp som gjeld: FRIVILLIG ARBEID LEVER AV LYST OG DØYR AV TVANG.
Vi kan ikkje tvinge frivillige inn i ein aktivitet, dei må velje den sjølv. Lar vi dette vere eit rådande prisipp, vil vi fort oppdage at frivillige sjølve legg lista høgt for kvaliteten på si deltaking/sitt bidrag. Lag/organisasjonar/frivillige er heile tida på tilbodssida. 

2. Det handlar om kva kommunen kan gjere for at dei frivillige skal gjere det dei er best på: STYRE SEG SJØLV!
I prosessen fram mot ei ferdig plattform har dei frivillige påpeika 3 hovudutfordringar: ØKONOMI, REKRUTTERING AV MEDLEMMER, PERSONAR SOM VIL TA PÅ SEG TILLITSVERV. Her finnest det verkemiddel som kan setje organisasjonane betre istand til å møte desse utfordringane. Kommunale tilskotsordningar, Tilskotsportalen, Innbyggjartreffet og rekrutteringsportalen frivillig.no er dømer på slike verkemiddel.

3. Sist men ikkje minst handlar det om korleis kommune og frivillige skal møtest på likefot, noko som kan gi grobotn for auka samarbeid, auka samskaping og auka deltaking i demokratiske prosessar (t.d. planprosessar). 

 Eid Frivilligsentral er uendeleg takksame for at vi no har fått gåva vi ønskte oss i 20 års presang i 2016. Takk til Eid kommune for at de tok steget. Takk til alle frivillige, kommunetilsette og politikarar som har bidrege med innspel i 3 innspelsmøter. Og til sist takk til Frivillighet Norge v/Ida Marie Holmin som igangsetjar av denne prosessen. Det var eit veldig verdifullt bidrag.

Frivilligpolitisk plattform 2018 2021

Frivilligpolitiskplattform_brosjyre

Kommunestyresak KS 03318

Flere nyheter

💚 Folkehelseundersøkinga 2026 💚

💛 16. april 2026 blir eit utval av innbyggjarane i Vestland over 18 år inviterte til å delta i folkehelseundersøkinga. 📲 Undersøkinga er nettbasert og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post. ⁉️Treng du digital rettleiing for å kunne svare på undersøkninga? Både biblioteket og Eid Frivilligsentral står klare til å hjelpe deg! 😀 Vi kan ikkje hjelpe deg med svara, men hos oss kan du låne ein pc eller få rettleiing om korleis du loggar deg inn på Helse Norge.

2026 © Eid frivilligsentral