Mandag 7 Desember
Kl. 11:00 - 12:30, Aktivitetsrom - Sophus Lie vegen 3
SeniorUni - «Då imperiet fall – ei historisk reise gjennom Austerrike» med Maria Christine Reitan
Bli med på ei historisk reise gjennom Austerrike, med Wien og Salzburg som utgangspunkt. Vi møter keisarar, kunstnarar og andre sentrale personar, og ser nærare på dei praktfulle bygningane og kulturminna som fortel historia om det austerrikske keisarriket. Eit fascinerande foredrag om makt, kultur og menneska som sette sitt preg på eit av dei mest innverknadsrike imperia i Europa.

Dette føredraget blir strøyma direkte. Det vert enkel servering, og om ein ønskjer det kan ein kjøpe seg lunsj eller ha med lunsjmat og ete saman i sosialt felleskap. Etter føredraget er det mogleg å få datahjelp.

Er du nysgjerrig på verda? Likar du å lære nye ting, eller vil du halde hjerna aktiv? Då er vår nye føredragsserie frå SeniorUni noko for deg! SeniorUni er ein serie med digitale føredrag som rettar seg mot vaksne.

Her er oversikt over programmet for SeniorUni her på Eid Frivilligsentral/Stad Bibliotek hausten 2026

Program for SeniorUni haust 2026 

Du kan lese meir om SeniorUni her

2026 © Eid frivilligsentral